NRK Meny
Normal

Eit Hødd-blått familiearrangement

Heile helga er eit Hldd-blått familiearrangement. Toppen så langt blei nådd under «Den blå timen» på Youngstorget laurdag. Og søndagen skal overgå alt dette.

Hødd

Det var fullt hus i Høddvoll-teltet under Den blå timen på Youngstorget laurdag ettermiddag.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er rørande å sjå dette. Det er slik det skal vere. Supporterar, familiar med vaksne og barn, det er folk i alle aldrar. Ta godt vare på kvarandre og løft laget fram på Ullevål i morgon, sa styreleiar i Hødd, Bård Dalen under «Den blå timen».

Den blå timen

Styreleiar Bård Dalen er rørt over det som skjer i Oslo denne helga. – Det er eit stort familiearrangement, seier han.

Foto: Terje Reite / NRK

Teltet på Youngstorget skal romme 2500 menneske. Utanfor var det kø, og folk måtte trekkje tett saman. Så mange ville oppleve cupstemninga som Hødd lagar i Oslo denne helga.

Sang og steming i Hødd-teltet under familiefesten. Den blå timen

Den blå timen

Tidlegare Hødd-spelar og dagleg leiar, André Nevstad, kunne opplyse at laget er i rute framfor kampen i morgon.

– Eg er både stolt og rørt. Spelarane er ein ung gjeng. Men dei held seg rolege og harmoniske. Dei er ikkje blitt prega av stemninga. Ikkje enno i alle fall. Det er klart det kan kome noko ekstra når dei kjem på Ullevål i morgon. Men dei hevar seg mot gode lag. Dei har vist før at dei klarer å senke skuldrene i viktige situasjonar, sa Nevstad.

Hødd

Slik såg det ut i Høddvoll-teltet under den blå timen.

Foto: Terje Reite / NRK

Styreleiar Bård Dalen tippar at det kan kome til å gå på nervane laust på Ullevål i morgon.

– Dette kan bli ein liding. Det kan bli ekstraomgangar, det kan bli straffekonkurranse. Hødd vinn 7–6 etter straffer, humra Bård Dalen frå scena.

Hødd cupfinale

Cupfinalehelga er eit stort familiearrangement. Store og små kosar seg under Den blå timen.

Foto: Terje Reite / NRK

Tidlegare Hødd-spelar minte publikum om at Tromsø er favoritt, i alle fall i svært mange nøytrale folk sine auge.

– Tromsø spelar i øvste divisjon, og er favorittar. Det må vi utnytte. TIL-gutane kjem til Ullevål og trur at dei MÅ vinne. Så veit vi at Hødd hevar seg når motstanden blir tøff, sa Jan Åge Fjørtoft, som tykkjer det er heilt fantastisk at det gamle laget hans har kome til cupfinalen.

Jan Åge Fjørtoft

Jan Åge Fjørtoft under 'Den blå timen' på Youngstorget laurdag.

Foto: Terje Reite / NRK

Nokre av Hødd-spelarane tok seg også tid til ein tur innom Høddvoll-teltet for å helse på dei tilreisande supporterane. Kaptein Fredrik Klock lova at laget har alt under kontroll før møtet med Tromsø.

Vi er litt i ei boble no, på hotellrommet. Vi har alt under kontroll. Det vil sikkert krible litt ekstra når vi kjem på Ullevål. Men Tromsø skal få seg ei skikkeleg overrasking, lovde Fredrik Klock.

Fredrik Klock Fredrik Steen

Her blir kaptein Fredrik Klock intervjua av programleiar Fredrik Steen.

Foto: Terje Reite / NRK
Ørjan Liavåg

Ørjan Liavågs skikkelse Per Leif følte seg kanskje ikkje heilt trygg på Fjørtoft-finta. Sjølv skulle han på eit drosjenæringsseminar og ikkje på Ullevål i morgon.

Foto: Terje Reite / NRK
Wilhelm Støylen

Wilhel Støylen frå NRK Super laga mykje moro under 'Den blå timen'.

Foto: Terje Reite / NRK
Exposed to filure

Gruppa Exposed to failure har laga cupfinalevideoen. På 'Den blå timen' var dei med på å skape magisk stemning.

Foto: Terje Reite / NRK

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.