Eirik Bakke blir speidar i Sogndal

Eirik Bakke får ei sentral rolle når Sogndal Fotball no har gjort endringar på organisasjonskartet. 35-åringen blir speidar og toppspelarmentor.

Eirik Bakke

SPEIDAR: Eirik Bakke blir mannen som skal finne dei unge og lovande spelarane som skal prege Sogndal i åra som kjem.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Eg gler meg til å ta nye steg på ein ny arena, seier Bakke sjølv om den nye jobben.

Sist veke slapp han nyhenda om at han gir seg som fotballspelar etter 20 år som spelar på øvste nivå. I staden går han no inn i ei viktig rolle i Sogndal Fotball.

– Eirik har toppreferansar og har erfaring frå både Europa og toppnivå i Norge. Han har eit godt nettverk og kjenner mange i fotballverda, så dette skal ha no bidra med inn mot klubben, forklarar styreleiar i Sogndal Fotball Tor Arne Ness om Bakke si rolle.

Håvard Flo blir sportsleg leiar

For halvanna veke sidan kunne Sogndal puste letta ut, dei får vere med i det fine selskapet i eliteserien til neste år også. No har klubben gjort ein del rokkeringar i den sportslege organiseringa, og det er her Bakke får ei viktig rolle.

Tor Arne Ness som er styreleiar i Sogndal Fotball seier det ikkje er dramatiske endringar, men at det likevel er gjort eit generasjonsskifte i det sportslege apparatet.

Håvard Flo går formelt inn som sportsleg leiar, ei rolle han på sett og vis allereie har hatt på fleire måtar, seier Ness.

– Håvard har på fleire område fungert som sportsleg leiar i år også, mellom anna med kontakt med forbundet.

– No vil han få meir kontortid og meir tid til det administrative, seier Ness som viser til at dei andre vil få meir tid til det som skjer på treningsfeltet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

SJEF: Håvard Flo (til venstre) blir per definisjon sjefen til hovudtrenar Jonas Olsson, men det er framleis svensken som skal ta ut laget fortel Flo.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Han skal finne dei gode spelarane

Med seg på laget får Flo ein nykomling i det sportslege apparatet, nemleg Eirik Bakke. Bakke er på ingen måte noko ukjent namn i Sogndal, med 213 kampar i Sogndal-trøya.

Etter fleire år i utlandet kom han tilbake til saftbygda i 2011, men sist veke sa han altså at nok var nok som spelar.

– Eirik skal bli speidar og toppspelarmentor, seier Næs.

Han legg ikkje skjul på at erfaringane og nettverket til 35-åringen blir viktig i arbeidet han skal gjere.

– Han skal finne dei gode spelarane for Sogndal, og skal ha den rolla som Trond Fylling har hatt.

– Han skal vere ute og ha følarane ute for eventuelle behov klubben har, forklarar Ness.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndalspelarane takkar publikum.

JUBELSCENER: Sogndalspelarane takka publikum etter at dei sikra seg fornya kontrakt i eliteserien.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det blir litt rart

Sogndal har eit uttalt mål om at minimum 50 prosent av spelarstallen skal vere frå Sogn og Fjordane. Difor vil det vere naturleg at Bakke har fokus på heimfylket.

– Eg vil først få kontroll over fylket her, for å få inn unge gutar som vi kan byggje opp, seier Bakke.

-Korleis blir det å gå på jobb med sko utan knottar under?

– Det blir litt rart. Spesielt etter ferien i januar når spelarane er ute og trenar. Eg må nok hive meg med og kjenne litt på det, ler han.

Samtidig er han klar på at han er klar som eit egg for å ta til i den nye rolla.

– Eg har vore innstilt på det ganske lenge at eg skal inn i ei anna rolle. Eg ser fram til det og det blir ei utfordring, seier Bakke.

– Møtet med arbeidslivet

Håvard Flo som altså får rolla som sportsleg leiar i Sogndal har berre lovord om sin nye makker.

– Eirik får jo no møtet med arbeidslivet, for å seie det slik, flirer han spøkjefullt.

– Eg trur Eirik kan vere med å utfylle oss andre som er her allereie og i forhold til det Eirik skal handtere, med logistikk og speiding, så er han i beste klasse.

Fotballnyheter

Videoklipp

En meget spesiell scoring signert Zlatan Ibrahimovic så ut til å gi Manchester United 1-0-seier mot Everton i Premier League, men et sent straffespark ga 1–1 og uavgjort.
Bournemouth vant 4-3 over Liverpool. Se høydepunktene fra kampen her.
Sergio Agüero og Fernandinho fikk røde kort i kampen mot Chelsea.
LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.