Norge kan øydelegge mot Raul & co med godt samvit. (Foto: AP/Scanpix)
Vel, no har vi sjansen att. Spania er det beste laget vi kunne møte. Vi har alt å vinne. Ingen forventar noko. Vi kan øydelegge med godt samvit. Ingen kan kritisere oss for å sette inn presset på eigen banehalvdel.
Mot Spania er det lov. Vi er elendige når vi skal føre kampen. Ja, sjølv Luxemburg hadde meir trekk enn oss.
Nils Johan Semb kan leite fram dei bøkene som heiter: "Effektiv fotball". Finpuss den norske stilen.
Spelar vi den bastardfotballen som vi presterte mot Luxemburg, blir vi rett og slett feia av banen.
PS! Er det ikkje rart. Trekning etter trekning. Dei gode laga møter alltid dei dårlege.
Eg antyder ingenting, men kan ikkje dei trekke med hanskar neste gong. Er det varmeelement i kulene?
Kva var sjansane for at Spania skulle møte Nederland?