Dei mest optimistiske i Ålesund snakkar ikkje berre om ein eventuell semifinale, men har allereie booka inn hotellrom i hovudstaden til første helga i november, og opprykket til Tippeligaen er også nesten i boks for underernærte patriotar.
Sjøl om klubben også har ambisjonar som inneber opprykk på sikt, er det ingen som kan krevje både cupsuksess og opprykk på same tid.
Arne Flatin tror på knapp Ålesund-seier i kveld.
For uansett korleis det går resten av denne sesongen har AaFK levert publikum mange festforestillingar allereie, og festen i kveld treng ikkje å verte den største. Men det er den største så langt.
Ålesund er i veldig god form, taklar det tøffe kampprogramet og har ikkje tapt på 12 oppgjer i cup og serie. Inkludert i dette er 4-2 sigeren over Tromsø tidlegare i år. Akkurat det er ingen fordel for tango-trøyene. Det betyr nemleg at gutan frå Ishavsbyen ikkje undervurderer AaFK.
Tromsø har opplevd suksess i nesten tjue sesongar på toppnivå, medan AaFK står på randen av det som kan verte mange gode år. Klubben har vore i kvartfinale før, men aldri på heimebane- og aldri vore i ein semifinale. Klubben har vore nær opprykk til Toppserien også før, men har aldri greidd steget heilt opp.
Berre detaljar står att før bygging av nytt stadion vert sett i gang. Eit eventuelt opprykk og cupsuksess er difor glimrande tima i forhold til nye fascilitetar på Volsdalsberga. AaFK kan få eit publikumsgjennomsnitt på 5000 i Tippeligaen. I kveld er det ingen som veit kor mange som kjem. For to veker sidan meinte klubben dei kunne ta inn maksimalt 4500-5000, no snakkar dei om 6000.
Det vert med andre ord trongt om plassen rundt Myra i kveld, men det toler alle 6000 dersom AaFK sikrar sin første semifinale. Det vert ein tett kamp mellom to lag i form. Heimebanefordelen bør verte utslagsgjevande- i tillegg til Ivar Morten Normark sine kvalitetar som motivator og taktikar... AaFK vinn kampen... men berre så vidt...