– Tore André har sikkert alt han treng frå før, og vel så det. Så det er ikkje lett å gje gåver til han. Men eg visste at han kunne tenkje seg å bli med oss ein gang, så han blir med oss til Sverige og landskampen 14. august. Han skal vere med på spelarmøter, treningar og kanskje få litt inspirasjon. Eg trur han sette pris på gåva, sier Drillo til NRK.
– Veldig artig
Flo sjølv ser fram til å vere ein del av landslagsmiljøet igjen.
– Det var ei kjempeoverraskande gåve, og veldig artig. Eg kjem jo dit først og fremst for å lære av Drillo som er ein fantastisk god trenar. Det å sjå korleis dei beste jobbar blir ei god erfaring for meg som er i starten av trenarkarriera, seier Flo til NRK.
Drillo var sjølv blant gjestane som feira den tidligere landslagsstjerna heime i hans private bustad i Ascot utanfor London.
Etter at han definitivt la opp som fotballspelar i fjor har stryningen jobba som trenar for Chelsea sitt fotballakademi.
– Eg veit ikkje om eg har så mange råd å gje ein erfaren trenar som Drillo. Men eg jobbar med dei største talenta i Chelsea, så forhåpentlegvis kan det vere ein eller to nyttige tips som eg også kan kome med, seier stryningen.
– Skulle gjerne hatt ein type som Tore André
Flo spelte 76 kamper og scora 23 mål for Norge i perioden 1995 til 2003. Og er mest kjent for den historiske VM-kampen mot Brasil i 1998.
På den varme sankthanskvelden i Marseille utlikna Flo til 1-1 før han deretter skaffa straffesparket som sende Norge vidare til åttandedelsfinalen.
– Håpar du med dette å få nokre gode vibbar frå 90-tallet inn i landslagstroppen, Drillo?
– Eg skulle gjerne hatt ein type som Tore André på laget. Men kanskje kan han bidra med litt idéar på treningsfeltet, sier Olsen, som hugsar Flo som ein komplett angripar.
– Han var ganske unik. Då han var på sitt beste hadde han nesten alt, både gode dribleferdigheiter og bra fart. Defensivt var han ingen stor spelar, men det var ikkje difor han var på bana heller. Han var ein meget god angripar.
– Håpar du å få lokka han inn i NFF-systemet vidare?
– Det kan godt hende at han kjem der etterkvart. Det får vi sjå på, seier Drillo til NRK.
Sjølv er ikkje Flo framand for å jobbe med fotball på forbundsnivå.
– Eg har lyst til å jobbe med dei beste spelarane. Og dei beste spelarane er på landslaget og i NFF-systemet, så det kunne vore artig, seier Tore André Flo.