- Når du blir forelagt ei kontrakt på arabisk og ikkje skjønar ein millimeter av det som står der, så er det klart at du gjer deg nokre tankar, men det blei aldri noko problem, seier Gunnar Martin Kjenner.
Klar over faremeomentet
Dersom det blei konflikt om innhaldet var partane nemleg samde om at det var den norske versjonen som var gyldig. Kontrakta mellom Drillo og det irakiske forbundet blei nemleg omsett frå norsk til arabisk av Drillos assistent-trenar frå Gjøvik, Younes Gatan. Gatan er ingen godkjent autorisert omsetjar.
-Vi var klar over at det låg eit faremoment i akkurat det, men på det tidspunktet var alle nøgde. Irak ville jo ha Drillo som trenar. Atmosfæren var positiv. Vi hadde ingen grunn til å mistenkje feil i kontrakta, seier Kjenner.
Feil var der heller ikkje, men Drillo fekk sparken likevel, fem månader seinare.
Kjenner blei ignorert
Som første norske medie kunne NRK legge fram avtalen mellom Drillo og Irak. Den viser at Drillo og advokaten hans Gunnar Martin Kjenner gav Irak lovnader om store sponsorinntekter.
Men pengestraumen blei ikkje som venta, hevdar irakarane. Løna til Drillo blei for dyr, og difor fekk den norske trenarlegenda sparken, sa medlem av den irakiske idrettskomiteen Ahmed Radhi Awish til NRK i går.
Gunnar Martin Kjenner hevdar derimot at sponsorkroner var på veg, men at irakarane ignorerte bodskapen frå han og Drillo.
Drillo meiner han fortsatt har krav på fire månader etterløn, omlag èin million kroner. Saka ligg til behandling hos FIFA.
Egil Olsen sjølv ville ikkje kommentere denne saka.