– Ja, det er ein av grunnane til at denne kampen blir ekstremt viktig, seier Solveig Gulbrandsen til NRK.
Den 34 år gamle veteranen og resten av det norske laget har ei veke kampfri etter
før dei møter England i åttedelsfinalen måndag kveld. Dei veit at siger både har betydning for resten av VM i Canada, og for sesongen neste år.– Klarer vi den kneika her, er vi endå nærmare eit OL. Det er kjempeviktig, seier Gulbrandsen.
Trongt OL-nålauge
For nålauget til fotballturnerininga i eit OL er trongt – svært trongt. Berre tre lag frå Europa får plass. Det er dei tre beste europeiske laga i VM.
Slik var det også i VM i Tyskland i 2011, året før OL i London. Då var ikkje det norske laget godt nok.
– Derfor er kampen så utruleg viktig. Det er viktig for oss å vere med i eit meisterskap kvart år, seier ho.
Kan vere OL-klare måndag kveld
Sju europeiske lag er framleis med i VM, men England tel ikkje. For i OL er det Storbritannia som er landet, og dei fire nasjonane i United Kingdom – England, Skottland, Wales og Nord-Irland – har ikkje greidd å bli samde om eit felles lag, slik dei gjorde under OL i London i 2012.
Då er det seks lag att.
– Kanskje kan vi vere klar for OL allereie etter åttedelsfinalen. Men mest truleg må vi også vinne kvartfinalen for å vere heilt sikre, seier assisterande landslagssjef Roger Finnjord til NRK.
To av dei europeiske laga, Tyskland og Sverige, skal møtest i åttedelsfinalane, og dermed vil eitt av dei bli borte. Skulle Canada slå Sveits og Japan slå Nederland, er OL-deltakinga klar for Noreg etter åttedelsfinalane.
– Eit stort år for norsk fotball
Men uansett må Noreg slå England først. Solveig Gulbrandsen lar seg underhalde med lyd og bilete frå VM-kvaliken for menn mellom Noreg og England i 1981 – med norsk 2–1 og Bjørge Lilleliens svært berømte «vi er best i verd».
– Det var eit fantastisk år i norsk fotballhistorie, seier Solveig Gulbrandsen og ler. – For då blei eg fødd.
NRK sender Noreg – England direkte måndag kl. 23.00 på NRK1, NRK P1 og nrk.no.