Diskerud og Stabæk er i tvist om tolkinga av 19-åringens kontrakt, og advokat Pål Remman går sterkt ut mot Stabæks handtering av tvisten.
Remman viser mellom anna til eit intervju med sportsleg leiar Tom Schjelvan tidlegare denne veka. Der kom Schjelvan med utsegn som Diskerud ikkje stiller seg bak.
"Spiller og klubb har vært enig om å løse konflikten ved et privat konfliktløsingsorgan, og uten offentlighet. Arbeidsgiver har senere gått tilbake på dette, og mener tvisten bør være offentlig ved at den skal føres for ordinære domstoler. Tiden vil vise om spilleren vil måtte rette seg etter en slik fremgangsmåte som arbeidsgiver nå har valgt å prosedere", skriv Remman.
Utleigd til Sogndal?
Advokaten strekar under at Diskerud for resten av denne sesongen ikkje vil spele for klubbar som konkurrerer med Stabæk, det vil seie klubbar i eliteserien. Han vil heller ikkje spele for nokon utanlandsk klubb.
- Les:
- Les:
"Mix" er derfor glad for at eitt av laga som kjempar om opprykk frå 1. divisjon, er interessert, meiner advokat Remman. Han siktar til Sogndal, som nyleg vende seg til Stabæk med søknad om å få leige Diskerud ut sesongen.
Og det er det store sjansar for, ifølgje Remman.
For fram til konflikten blir løyst, vil "Mix" vere open for utleige til ein annan klubb, eller for spel for Stabæk dersom konflikten ikkje blir så stor at det blir umogeleg, seier advokaten.