NRK Meny
Normal

Dette hugsar vi frå eliteserien 2014

Vikings vanvittige opphenting mot Vålerenga. Martin Ødegaards debut for Strømsgodset. Stefan Strandbergs streik. Målrikaste toppscoraren i manns minne. Dette er berre litt av det vi hugsar frå den nyss avslutta eliteseriesesongen.

Vidar Örn Kjartansson har scoret 24 mål når 23 runder av eliteserien er spilt.

Vidar Örn Kjartansson. Han var nesten ukjend før sesongstart. 25 Vålerenga-mål seinare er han den mest suverene toppscoraren sidan Sigurd Rushfeldt og Harald Martin Brattbakk herja som verst.

Branns fiaskosesong, Moldes knusande overlegne gullmedalje og Martin Ødegaards debut på klubb og landslag har kanskje skapt dei største oppslaga denne sesongen, av svært ulike grunnar.

Men eliteseriens 240 kampar sidan 28. mars har bode på mykje meir enn det.

Vi har sett tilbake på eit knippe snakkisar i sesongen som nettopp er slutt. Dette er noko av det som har prega sesongen 2014:

1. Beste toppscorar sidan Rushfeldt

Kjartansson

Vidar Örn Kjartansson - suveren toppscorer i eliteserien 2014.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB Scanpix
  • Se Kjartanssons mål i videovinduet i toppen av saken!

Vidar Örn Kjartansson vart henta inn til Vålerenga for å fylle holet etter Torgeir Børven. Det skulle han gjere med bravur. 25 mål scora han, ti fleire enn nummer to på lista, Haugesunds Christian Gytkjær. Ei stund såg det ut til at han skulle true Odd Iversens all time high på 30 mål i 1968.

Men uansett er islendingens 25 mål det høgaste ein toppscorar har makta sidan Sigurd Rushfeldts herjingar på Rosenborgs storlag på slutten av 90-talet. I 1998 scora Rush 27 gonger. Sidan tusenårsskiftet er Torstein Helstads 22 mål for Brann i 2007 det beste. Før 2014.

Sidan 2009, første året med 16 lag i eliteserien, har toppscorarane enda på 17, 16, 17, 14 og 16 mål. Kjartansson klarte 25.

2. Opphenting de luxe

Og sidan vi er inne på scoringar: Viking stod for «comeback of the season» i heimekampen mot Vålerenga 2. august. Gjestene storspela, og eit kvarter før slutt leia dei komfortabelt 5–2. Kjartansson hadde scora tre av måla.

Så skifta Viking-trenar Kjell Jonevret inn Vidar Nisja, og kampen tok av. To mål og ei målgivande pasning av innbytaren gav resultatet 5–5 og den mest målrike kampen av alle 240 i 2014.

– Det er heilt uverkeleg. Det er nesten eit under at vi ikkje scorar vårt sjette mål på slutten av kampen, sa Vikings trenar Kjell Jonevret.

Andre dramatiske opphentingar i sesongen som gjekk var Lillestrøms overtidsmål som snudde 2–3 til 4–3 i heimekampen mot Brann 2. august. Og den med aller største konsekvensar: Sandnes Ulf leia 3–1 over Start to minutt inne i overtida, og hadde sjanse til kvalik og overleving. Så enda det 3–3 , og rogalendingane var nede i 1. divisjon.

Viking snur 5-2 til 5-5 i løpet av kampens siste kvarter.

Se Viking hente inn tre mål i kampen som endte 5-5.

3. Martin Ødegaards debut

Alle snakka om den lovande 15-åringen hos Strømsgodset i sesongoppkøyringa. To kampar gjekk utan at trenar Ronny Deila gav han sjansen i troppen. Men i tredje runde 13. april fekk han sjansen i heimekampen mot Aalesund.

72 minutt ut i kampen, på stillinga 0-0, fekk han sjansen. Han overtok plassen til 21 år eldre Péter Kovács. Det sette fart i Godset, som vann kampen 2–0. På det siste målet, i kampens siste minutt, var det ungdomsskuleeleven Ødegaard som la den målgivande pasninga.

Seinare skulle Ødegaard prege mange overskrifter. Han scora fem mål i serien, og fekk også sin landslagsdebut som Norges yngste nokosinne .

4. Suksesstrenarens farvel

Strømsgodset skulle også kome i fokus i ein annan samanheng: Ronny Deila gav seg. Suksesstrenaren som førte Godset til seriegull i 2013, fekk tilbod frå ingen ringare enn Celtic. Den skotske gullgrossisten i Skottland hadde lagt merke til Deilas suksess og arbeidsmetodar i Strømsgodset, og tilsette han som ny manager. På kort varsel sa derfor Deila opp trenarjobben i Godset etter seks år.

I siste heimekamp før VM-pausen, mot Haugesund 9. juni, tok Deila dermed ein tårevåt avskjed med publikum på Marienlyst.

– Denne tryggleiken eg har hatt her, har bidratt sterkt til den sjansen eg får no. Eg elskar dykk, sa Deila med blanke augo.

Laget takka Deila med 2–1 over Haugesund. Iver Fossum og Martin Ødegaard scora – dei er 32 år gamle til saman.

5. Å hoppe etter Solskjær

Tor Ole Skullerud

Tor Ole Skullerud løyste si umogelege oppgåve med ein bravur han sjølv ikkje hadde tort å håpe på, og leia Molde til eit suverent seriemeisterskap med tidenes høgaste poengsum

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Tor Ole Skullerud hadde den vanskelege oppgåva å hoppe etter Wirkola, her personifisert ved Ole Gunnar Solskjær som slutta ved årsskiftet. Solskjær hadde to seriemeisterskap og eit cupgull i dei tre åra han leia klubben. Forventningane var store ved Romsdalsfjorden.

Og så skulle Skullerud overgå alt. Seriemeisterskapet sikra klubben seg fire rundar før slutt, med 2–1 over Viking i Stavanger . Det var den 24. strake kampen utan tap. Fleire av spelarane gret av glede då dei gjekk av bana, og Skullerud felte nokre tårer han også.

– Det er større enn eg hadde førebudd meg på, sa han. Han hadde aldri trudd at Molde skulle vere så suverene denne sesongen.

– Nei, eg trudde ikkje det. Eg er stolt over alle eg har hatt med meg i teamet, i klubben og spelarane. Vi har spela flott fotball i 26 runda og tatt seriegull. Og vi har fortent kvart einaste poeng vi har tatt, sa den lykkelege trenaren til NRK etter sigeren i Stavanger.

Med 71 poeng sette Molde også serierekord. Og med plass i cupfinalen kan dei ta «The Double», første gong nokon greier det sidan Rosenborg for 11 år sidan.

6. Odd-medalje for aller første gong

Dag-Eiliv Fagermo

Dag-Eilev Fagermo har gjennom mange år bygd opp eit lag av hovudsakleg lokale talent. I år kom gevinsten i form av klubbens aller første medalje

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Odd var sesongens store positive innslag. Dag-Eilev Fagermo overtok klubben i 1. divisjon i 2008, og har bygd klubben sakte men sikkert opp mot toppen sidan. Basen er lokale spelarar frå Telemark, og i år gav det seg utslag i klubbens første seriemedalje nokosinne.

Det vart bronse til slutt , men lenge var Odd Moldes einaste trussel. Dei tapte for Lillestrøm både heime og borte, men i mellomtida gjekk Fagermos menn 16 kampar utan tap.

Tap for Rosenborg og Molde i dei siste kampane øydela sølvet, men det legg ikkje nokon merkbar dempar på gleda for Fagermo og Odd.

– Eg blir heilt rørt. Dette er utruleg, sa Fagermo etter kampen i Molde. Sjølv om sølvet rauk der.

Han meiner den historiske medaljen i eliteserien til Odd har mykje å seie for folk som støttar klubben.

– Skien er ein fotballby, og Telemark er fotballfylke. Dei er svoltne på medaljar. Men no har vi greidd det, sa Fagermo.

Og framleis har Odd sjansen til å snyte Molde for The Double og sjølv vinne cupfinalen.

7. Stabæks amerikanske genistrek

Bob Bradley

Han har vore landslagssjef for USA og Egypt. I år har Bob Bradley trent Stabæk, og gjorde ekspertane sine samstemte førehandstips dundrande til skamme

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Sjeldan har eit lag vore så unisont nedrykkstippa før første spark på ballen som det Stabæk var i år. Nyopprykka, urutinert og nesten blakk.

Men sjeldan har ekspertane teke så feil heller. Stabæk makta nemleg gjennom gode kontaktar å hente Bob Bradley som trenar. Mannen som mellom anna har trent USAs landslag visste korleis han skulle få det beste ut av troppen.

– Bradley har betydd alt. Han har samla laget og har masse rutine. Han er årsaka til at vi er der vi er no, sa supporter Jan Roger Sletten til Aftenposten etter sigeren over Bodø/Glimt i slutten av april.

Stabæk viste seg litt ujamne, men tok likevel poeng jamt og trutt. Den nedrykkssumpa som alle rekna med dei skulle vere i heile sesongen, rota dei seg aldri ned i, og dei enda til slutt på niandeplass.

8. Brann-publikums enorme støtte

Brann-publikum

Brann sleit, men bergensarane viste enorm støtte for klubben då det kneip som verst, og Brann klarte kvalik-plassen

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Brann er utan tvil 2014-sesongens største vonbrot. Richard Norling snakka om medaljar, men realiteten vart ein heilt annan: I botnen av tabellen frå første kamp.

Men då tok supporterane affære. Etter 4-3-tapet for Lillestrøm var avstanden opp til kvalikplassen i ferd med å bli håplaust stor. Til kampen mot Aalesund 8. august mobiliserte derfor supporterklubben Bataljonen som berre bergensarar kan, og 13.500 møtte opp for å støtte klubben.

Det gav siger, og publikum – med Bergens markerte ordførar Trude Drevland i sentral posisjon – kom tilbake igjen og igjen for å heie laget til ny kontrakt. Fire av Branns fem best besøkte kampar kom etter Aalesunds-kampen, og på den siste og heilt avgjerande kampen mot Sogndal var det fullt hus , 17.686 tilskodarar.

Det enda med kvalikplass, det beste dei kunne oppnå i dei to siste rundane. Og enno gjenstår den viktigaste: Kvalik-kampen mot Mjøndalen eller Bærum.

9. Billes fuktige bytur

Det var i påska det skjedde: Rosenborgs danske spelar Nicki Bille Nielsen kom i klammeri med politiet etter ein fuktig bytur på påskeferie i København.

Det vart ikkje tatt nådig opp i Rosenborg. Klubben diskuterte heftig gjennom heile påskehelga. Mot Vålerenga andre påskedag var han ikkje i troppen.

Men partane vart samde, og med absolutt alkoholforbod fekk Bille halde fram . Helga etter kom han innpå som innbytar i andre omgang, og fekk enorm jubel då han scora mot Brann. Rosenborg vann 5–2.

Men utpå sommaren var det likevel slutt for Bille i Rosenborg. Han vart seld til franske Evian.

Saken fortsetter under klippet!

Nicki Bille Nielsen slår tilbake med en scoring mot Brann på Lerkendal.

Se Bille Nielsens mål og intense feiring etter han var tilbake for Rosenborg etter byturen.

10. Stefan Strandbergs streik

Stefan Strandberg

Stefan Strandberg streika mot Rosenborg i juni. Seinare melde han forfall fordi han ikkje var mentalt klar til kamp. Men han spelar framleis for klubben

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Bille var ikkje den einaste spelaren Rosenborg ikkje heilt hadde styr på i 2014. Stefan Strandberg gjekk til streik i juni, i det han meinte klubben ikkje gjorde nok til å hjelpe han til å gå til utlandet. Det førte til vonde ord om illojalitet og manglande klubbkjensle.

Saka løyste seg tilsynelatande, og han fekk på nytt spele for Rosenborg. Men i august sa Strandberg at han ikkje var mentalt klar til å spele, og konflikten blussa opp igjen. Strandberg er likevel framleis i klubben.

Kva hugsar du best frå eliteserien 2014?

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.