– Beklager Drammen, men det er forskjell på Godset og Real Madrid, seier fotballekspert i C More, Lars Tjærnås, til NRK.
Utvikla tempoet
Laurdag kveld fekk Ødegaard endeleg debuten på A-laget til Real Madrid etter overgangen frå Strømsgodset i januar i år.
Så er spørsmålet kor god drammensaren er blitt i løpet av månadane i verdas største og mektigaste fotballklubb.
– Han er blitt betre i det som er aller viktigast i fotball, nemleg å utnytte tid og rom. Alt er raskare, og det stiller større krav til at han må orientere seg tidlegare og behandle ballen hurtigare, seier Tjærnås til NRK.
– Det handlar litt om ei naturleg utvikling, og mest om ein betre treningskvardag. Eg trur han hadde fått ei god utvikling i Godset også, men ikkje den same som i Madrid, seier Tjærnås.
(Artikkelen held fram under bildet.)
Ballen går fortare
Også ekspertkollega i C More, Petter Veland, har sett at 16-åringen har meir tempo i spelet sitt enn i fjor.
– Det enkle svaret er at han er blitt betre på alt. Men det største steget har han teke på tempoet med og utan ball. Det er fordi ballen går ekstremt mykje kjappare i det miljøet som han trenar i no, enn tilfellet var i Strømsgodset.
– Og konsekvensen av at ballen går fortare, er at hovudet og beina må gå fortare for at han skal henge med i svingane, seier Veland, som er ekspert på spansk fotball.
NRKs fotballekspert Lise Klaveness seier at ho ikkje ut i frå kampen mot Getafe på laurdag kunne sjå at Ødegaard er blitt betre i løpet av dei siste månadane.
– Men, antakeleg har han utvikla seg etter å ha trent mykje med nokre av verdas beste spelarar, kanskje først og fremst fysisk, og i omstillinga frå det offensive til det defensive.
– I kampen på laurdag syntes eg han likna på den Martin vi blei kjent med i eliteserien. Spelbar, godt orientert og rask i ballbehandlinga, seier Klaveness.
Sterkare fysisk
Her blei Ødegaard bytta inn for den største stjerna av dei alle. Cristiano Ronaldo gav 16-åringen ein god klem før han ønska han lukke til i debuten.
Ronaldo har i løpet av fleire år bygd opp ein enorm fysikk, og Tjærnås meiner Ødegaard også har fått meir musklar på kroppen i det siste.
– Ja, han har bygd fysikk. Mest kjernemuskulatur og balanse i kroppen, seier han.
Veland er einig.
– Der har han samstundes mykje å gå om ein samanliknar med verdstoppen. Men i og med at han er 16 år og fire månader, så hadde det vore naturstridig om han hadde vore på det nivået allereie no, seier Petter Veland.