Vi går 37 og eit halvt år tilbake i tid, til hausten1975. Det var 2. runde i europacupen for serievinnarar, forløparen til dagens meisterliga.
Real Madrid møtte Derby County, eitt av dei beste engelske laga på den tid, og ligameister sesongen før.
Første kampen gjekk på Baseball Ground i Derby 22. oktober. Heimelaget var i storslag, ikkje minst Charlie George. Han gav heimelaget ein knallstart med scoringar etter 9 og 15 minutt. Pirri reduserte ti minutt seinare, men David Nish gav Derby 3–1 mot slutten av ein førsteomgang som fekk heimepublikum i ekstase.
Og då Charlie George scora på straffe 12 minutt før slutt, var det same publikum skråsikker på siger over dei spanske gigantane.
Realt stormangrep
5. november gjekk returkampen på Santiago Bernabeu stadion i det spanske hovudstaden.
Real Madrid trudde då som no at det skulle la seg gjere å hente inn 4-1, og gjekk til stormangrep frå start. Trua vart enorm då Roberto Martinez scora allereie etter tre minutt, men nærmare kom ikkje Real før pause.
David Nish var uheldig og laga sjølvmål då andre omgang berre var seks minutt gammal. 2-0, 39 minutt igjen, og eitt mål unna avansement.
120.000 i ekstase
Det målet kom fire minutt seinare, ved Santillana. 3-0, og no var Real gjennom på bortemål. 120.000 tilskodarar på Santiago Bernabeu heldt på å koke over.
Men Charlie George skulle markere seg i Madrid også. Ytterlegare sju minutt, og han reduserte for Derby. 3-1, og no måtte Real ha eitt til for å sikre ekstraomgangar.
Derby heldt unna medan Santiago Bernabeu beit negler. Heilt til det stod att seks minutt. Da fekk Real straffe. Pirri gjekk fram for å ta det, og den stødige forsvarsspelaren bomma ikkje. 4-1, og laga var like langt.
Ni minutt ut i tilleggstida kom utløysinga. Santillana var frampå igjen. 5-1, og Derby klarte aldri å få det målet som hadde sendt dei til kvartfinalen. Real vann samanlagt 6-5.
Kan det bli like dramatisk i kveld? Utgangspunktet er det same.
PS: Real kom seinare til semifinalen, der dei måtte kapitulere for Gerd Müller og Bayern München. Bayern gjekk heilt til topps for tredje år på rad.