NRK Meny
Normal

I kveld må ein av dei gje opp VM-draumen

Zlatan Ibrahimovic og Cristiano Ronaldo er kanskje dei to beste fotballspelarane i verda akkurat no. Men i VM er det ikkje plass til dei begge, og i kveld må ein av dei ut.

zlatan og ronaldo

Blir det Cristiano Ronaldo eller Zlatan Ibrahimovic som ikkje får vise seg fram i Brasil-VM neste sommar? Det er ikkje plass til dei begge, og i kveld fell avgjerda

Foto: FABRICE COFFRINI/JONATHAN NACKST / Afp

I kveld møtest Sverige og Portugal til returkamp i Stockholm, etter at Portugal vann det første møtet 1–0 sist fredag. Det betyr at Sverige må vinne med minst to mål i kveld for å gå vidare. Med svensk 1–0 blir det ekstraomgangar og eventuelt straffesparkkonkurranse.

Howard Webb

Howard Webb er ein rutinert engelsk dommar. Sverige håpar han kan halde gemytta i sjakk på Friends Arena

Foto: Antonio Calanni / Ap

Uansett: I løpet av kvelden blir det klart kven av dei to superstjernene som må sjå VM i Brasil neste sommar frå tribunen. Eller sofaen.

Sverige er naturleg nok opptatt av Real Madrid-stjerna Ronaldo før kampen i kveld.

– Vi veit kva visse spelarar held på med, men tysdag er det ein engelsk dommar, og då kan vi vere litt hardare mot han, seier Sveriges Sebastian Larsson til avisa Expressen.

Grinete Ronaldo

Han siktar til at det er engelskmannen Howard Webb som skal dømme kampen i Stockholm i kveld. Og Larsson siktar til Ronaldos oppførsel i den første kampen i Portugal fredag.

Portugal vann 1-0, Ronaldo scora målet mot slutten av kampen, men utmerka seg med stygt spel og eit grinete humør før det. Han fekk gult kort for stempling av Sveriges keeper Andreas Isaksson – eit kort som mange meinte burde vore raudt.

– Webb er ein god dommar som er van med å leie store matchar, seier Larsson.

Set sin lit til Zlatan

Sverige er med andre ord svært opptekne av den portugisiske megastjerna. Og dei set sin lit til si eiga stjerne, Zlatan Ibrahimovic.

Han vart godt pakka inn av Portugal i første kamp. Framfor eit fullsett Friends Arena i Stockholm håpar svenskane på at han skal slå til slik han har gjort så ofte i haust.

– Dersom de støttar oss, skal vi klare dette har Zlatan sagt til publikum.

– Han kan handtere dette

Erik Hamren

Landslagssjef Erik Hamrén meiner Zlatan kan handtere presset i kveld. Og han er klar på at Sverige må score

Foto: MAJA SUSLIN / Ap

Landslagssjef Erik Hamrén vil ikkje fokusere for mykje på duellen mellom dei to superstjernene.

– For oss er det ikkje Zlatan mot Ronaldo, det er Sverige mot Portugal, seier Hamrén.

– Blir presset for stort på Zlatan i kveld?

– Nei, dette kan han handtere. Han har vore på dette nivået i mange år no, seier den svenske landslagssjefen.

Sverige må score

Han er klar over utgangspunktet for kampen på Friends Arena.

– Vi er nøydde til å score i kveld, det er det som er sikkert. Portugal kan i større grad spele safe, med den fordelen dei har skaffa seg.

Han ser at det lett kan bli 1–0 etter 120 minutt i kveld, og dermed straffekonkurranse til slutt. Derfor har Sverige trena ekstra på det dei siste dagane.

– Dei som tek straffer vanlegvis, treng ikkje trene ekstra på det. Men i straffekonk kan det fort bli straffer også for spelarar som til vanleg ikkje tek dei, og dei treng trening, meiner Hamrén.

Pontus Wernblom trur ikkje det hjelper stort.

– Du kan godt ta straffer på trening. Men det blir uansett noko heilt anna å gjere det der ute når det kan avgjere heile VM-deltakinga, og med 60.000 på tribunane, seier han.

Zlatan beste straffeskyttaren i verda

Han kan iallfall trøyste seg med at Zlatan statistisk er den sikraste straffeskyttaren i verda.

Av spelarar med minst 20 straffer i dei seks beste europeiske ligaene dei ti siste åra har Zlatan scora på 92 prosent i ligaen og meisterligaen – 36 av 39, ifølgje aftonbladet.se , som siterer statistikk frå Infostrada.

Cristiano Ronaldo, Lionel Messi, Frank Lampard og dei andre kjende straffeskyttarane har dårlegare statistikk.

– Det kjem spontant kvar ein skal setje dei, seier Zlatan.

– Blir du aldri nervøs?

– Det er klart ein blir nervøs. Men eg tenkjer på at det er ein stor målsjanse. Betre sjanse får du ikkje. Det er betre enn i ope spel, ettersom du har betre tid på deg, sa Zlatan til Aftonbladet tidlegare i haust.

Island har også VM-sjanse

Det er ikkje berre Sverige som har sjanse til å sikre nordisk VM-deltaking neste sommar. Island er også med, og kan under svenske Lars Lagerbäcks leiing kome seg til VM for aller første gong.

Dei får ei vanskeleg – men ikkje umogeleg – oppgåve – mot Kroatia. Kampen på Island fredag enda 0–0 etter at Island med 10 mann klarte å stå imot Kroatias press mot slutten.

Frankrike kan også miste VM-plassen i kveld. Meisteren frå 1998 og finalisten frå 2006 tapte 2–0 i Ukraina i første kamp, og skal få det stritt med å snu det.

I den fjerde og siste kampen møtest Romania og Hellas i Bucuresti. Hellas vann første kamp 3–1.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.