NRK Meny
Normal

Alt du treng å vite om Premier League 2011/2012

Forretten vart servert i førre veke. Den heiter Championship. No kjem hovudretten: Premier League.

Manchester United jubler for ligagull

Kan Rio Ferdinand og Manchester United juble for ligameisterskap denne sesongen også? I så fall Uniteds 20. ligagull

Foto: NIGEL RODDIS / Reuters

Ny sesong i Premier League betyr nye sjansar, ny optimisme og nytt håp. Derfor er opningsdagen blant dei store dagane i livet til kvar og ein som følgjer engelsk fotball. Og dei er det mange av. Laurdag er ventetida slutt. Vel å merke for alle bortsett frå Tottenham og Everton, som ikkje får spele på grunn av uroa i England dei siste dagane.

Her er opningsrunden komande helg:

Kan Manchester United vinne igjen? Dei har vunne fire av dei fem siste åra, og sikra seg i mai i år sitt ligameisterskap nummer 19. 12. av dei har kome etter at øvste nivå i engelsk fotball gjekk frå å vere 1. divisjon til Premier League i 1992.

United-dominansen har med andre ord vore nesten total i dei siste 19 åra. Arsenal og Chelsea med 3 kvar og Blackburn med sitt eine frå 1995 er dei einaste som har blitt ligameister i Premier League.

Les: 7 av 9 NRK-eksperter: - United vinner ligaen

Manchester vs. London - igjen

Carlos Tevez

Carlos Tevez og Manchester City vann FA-cupen i mai, og vil utfordre byrival United om ligagullet. Sist City vart ligameister var i 1968

Foto: Matt Dunham / Ap

Tipsa for den komande sesongen skal vi overlate til ekspertane. Dei trur på toppkamp mellom Manchester og London denne gongen også - Manchesters United og City mot Londons Chelsea, med Arsenal som ein outsider. Tottenham og Liverpool må finne seg i å stille litt lenger bak, meiner ekspertane.

Same procedure as always, med andre ord.

Med eitt unntak: Nyrike Manchester City har investert stort i år også, og ekspert-korpset tippar at dei for første gong kan vere med i gullkampen i Premier League. City har vunne ligaen berre to gonger, og det så langt tilbake som i 1937 og 1968.

I mai i år vann City sin første tittel sidan 1976 då dei slo Stoke i FA-cupfinalen.

Opnar mot West Brom

United opnar sitt tittelforsvar borte mot West Bromwich søndag ettermiddag. Nokre timar tidlegare har Chelsea sparka sin sesong i gong på Britannia Stadium i Stoke.

Manchester City opnar sesongen heime på Eastlands mot nyopprykka Swansea måndag kveld. Arsenal tar turen til Newcastle for sin opningskamp allereie laurdag kveld.

Det er lenge sidan alle kampane i England hadde laurdag kl 16 som felles avsparktid.

Årets nyopprykka lag har det til felles at det er ei stund sidan sist dei var på øvste nivå. Norwich rykka sist ned i 2005, Queens Park Rangers i 1996, og Swansea har ikkje vore på øvste nivå sidan 1983.

Men som nyopprykka lag flest, er også desse laga tippa nord og ned av dei fleste ekspertane. Kva for eitt som overraskar alle, står att å sjå.

Her følgjer ei oversikt over nokre av godbitane denne av sesongen. Velbekomme!

Fotballnyheter