Kampane skal spelast mellom 12. og 17. november. Dei fire øvste på UEFA-rankingen skal trekkast mot dei fire nedste.
Norge er ikkje blant dei seeda. Det er heller ikkje Irland, Slovenia og Danmark, som også skal spele playoff.
Om Norge vinn playoffen og tar seg til EM, blir vi nesten heilt sikkert plassert på seedingsnivå 4 når gruppene skal trekkjast 12. desember.
Derfor er det desse fire landa Norge kan trekke:
Ukraina vart nummer tre i gruppe C, bak Spania og Slovakia. Dei låg likt med Slovakia før siste kamp, men tapte 1-0 for Spania heime i Kiev.
Ukraina tapte tre av kampane i kvalifiseringa, begge kampane mot Spania og heimekampen mot Slovakia. Dei var langt framfor Kviterusland på plassen bak.
Norge har ikkje scora i løpet av sine fem kampar mot Ukraina. Vi møtte dei sist i ein privatkamp i Kiev i februar 2013 og tapte 2-0. I kvalifisering må vi tilbake til 2001 for å finne siste møte. Då spela vi 0-0 i Kiev, etter 0-1 på Ullevaal hausten før.
Ukraina er nummer 14 på UEFA-rankingen.
Norge mot Ukraina: 5 0 1 4 0-5
Bosnia-Hercegovina avgjorde tredjeplassen i siste kamp, med bortesiger over Kypros. Belgia og Wales vart for sterke i denne gruppa, og kampen om tredjeplassen var jamn mellom Bosnia, Kypros og Israel.
Bosnia er nummer 13 på UEFA-rankingen.
Alle møta mot Bosnia har vore EM-kvalifisering. Det siste var i 2007, då Norge vann 2-0 i Sarajevo.
Norge mot Bosnia: 4 2 0 2 5-3
Sverige blei klart slått av Austerrike og tapte også for Russland i kampen om å gå direkte til EM. Tredjeplassen var imidlertid klar for laget Norge har møtt flest gonger gjennom historia.
Sist vi møtte svenskane var så seint som i juni i år. Privatkampen på Ullevaal enda 0-0. Men vi må tilbake til 1977 (VM-kvalifisering) for å finne førre gong Norge møtte Sverige i ein kvalik-kamp.
Sverige er nummer 16 på rankingen.
Norge mot Sverige: 106 24 23 59 143-272
Ungarn måtte gi tapt for Nord-Irland og Romania i gruppe F, men heldt greit unna for Finland i kampen om tredjeplassen. Ungarn var like gode heime som borte, og scora 11 mål på sine 10 kampar.
Ungarn er nummer 20 på rankingen, og snappar den siste seeda plassen rett framfor nasa på Danmark.
Men dei to siste kampane mot Ungarn har gitt gode norske minne: I kvaliken til EM 2008 vann Norge 4-1 borte og 4-0 heime.
Norge mot Ungarn: 20 7 6 7 26-35