NRK Meny
Normal

Avviser at han gret fordi faren døydde

Geoffroy Serey Die gret under nasjonalsangen før Elfenbenskysten skulle spele mot Columbia i VM. Store delar av fotballverda melde at det skuldast at faren døydde like før kampstart. Slik var det ikkje.

Elfenbenskystens Serey Die klarte ikke å holde tilbake tårene under nasjonalsangen før kampen mot Colombia.

Så viktig var kampen at Elfenbeinskystens Geoffroy Serey Die gret før kampen. Det hjelpte ikkje, dei tapte likevel

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg vil fortelle alle at det alle skriv om min far er feil, han døde i 2004, skriv ivorianaren på sin Instagram-konto.

Heile verda såg nærbilete av spelaren frå Elfenbeinskysten som gret under avspelinga av nasjonalsongane før avspark. Han prøvde å synge med, men makta det ikkje, og tårene rann.

Lagkameratane Cheick Tiote, Serge Aurier og Didier Zokora var raskt bort og klappa Die og la armen rundt han straks seremonien var over.

Over alt på internett spreidde det seg etterkvart ei forklaring på det valdsame kjensleutbrotet. Både norske og internasjonale medier (NRK inklukdert i ein tidlegare versjon av denne artikkelen) melde at det skuldast ein sjokkbeskjed ivorianaren fekk berre to timar før kampstart: Faren var død.

Det stemmer altså ikkje. I staden forklarar han grunnen til tårene slik:

Følelsane kom fordi eg er stolt over å vere ivorianar og representere landet mitt. Det fekk meg til å gråte, skriv han.

Colombia nesten vidare

Die og dei andre i Elfenbeinskysten fekk ikkje mykje å trøyste seg over heller. Men trass 2-1-tapet har dei gode sjansar til å gå vidare. Laget møter Hellas i siste kamp.

– Vi lærer framleis. Eg er glad for korleis alle har vakse, sa Colombias landslagssjef Jose Pekermann.

Hans lag kan være klare for åttedelsfinale allereie etter to kampar. Det kan skje etter kampen mellom japan og Hellas i natt.

– Her såg vi dei to laga som går vidare frå denne gruppa, seier Arsenals tidlegare storscorar Thierry Henry til BBC.

Det som skjedde i den første timen av kampen, er berre å gløyme. Men den siste halvtimen var elektrisk, med tre scoringar, mange sjansar og stort tempo. Og ein «norsk» VM-debut.

VM-debut for Bolly

Mathis Bolly

'Norske' Mathis Bolly fekk sin VM-debut, men kunne ikkje hindre at Elfenbeinskysten tapte

Foto: FIFA

Som mot Japan i første kamp, kom Didier Drogba inn litt ut i andre omgang. Deretter tok kampen fyr, og det fekk ein ung gut frå Holmlia vere med på.

Mathis Bolly fekk 20 minutt i sin VM-debut.

James Rodríguez heada ein corner knallhardt i mål via keepers fingrar, og 1–0 til danseoppvisning av dei colombianske spelarane. Fem minutt etterpå avslutta Juan Quintero ei vakker kontring, og 2–0 til meir dans.

Men Elfenbeinskysten slo tilbake. Reduseringsmålet var eit prestasjon av dei store frå Gervinho, som finta vekk tre mann før han sette ballen i nærmaste hjørnet.

– Dukketater med meir fart

Oppblåst ball

Tidleg i første omgang vart ein oppblåsbar ball kasta ut på bana. Her tek James Rodríguez ansvar og fjernar den

Foto: Marcio Jose Sanchez / Ap

Der andre omgang var eit fyrverkeri, var den første eit langt gjesp.

– Eg har sett dokketeater med større fart enn dette, sa Lars Tjærnås i NRKs studio.

– Dersom det hadde vore boksing, hadde Colombia hatt et lite poengovertak, meinte Tjærnås.

Då hadde han sett 45 minutt av to lag som så gjerne ville angripe, men som ikkje fekk det heilt til.

Både dei grøne frå Elfenbeinskysten og dei gule frå Colombia gjekk framover så snart dei fekk ballen. Men presisjonen var for dårleg. Mot etablert forsvar makta dei ikkje å skape opningar, og det var langt mellom sjansane før pause.

– Det blir nok eit anna kampbilete når Didier Drogba kjem inn, sa Tjærnås. Det gjorde Drogba med suksess mot Japan. Då snudde ivorianarane 0–1 til 2–1 etter innbytet.

Det gjorde 36-åringen etter 60 minutt, og fekk ein halvtime på bana. Han erstatta Wilfried Bony, som aldri klarte å kome nær ballen i Colombias 16-meter.

Men denne gongen var det ikkje godt nok.

Video: 1–0 til Colombia

Colombia ta ledelsen

Video: 2–0 til Colombia

2-0 til Colombia

Video: Elfenbeinskysten reduserer til 2–1

Elfenbenskysten reduserer

Video:

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.