Hopp til innhold

Den meiningslause VM-kampen

Militærkupp, kald krig, storpolitikk, VM-kvalifisering, FIFAs realitetsvegring. Denne miksen skapte den kanskje aller største farsen i internasjonal fotballhistorie.

Chiles landslag 1973

FARSEN: Chile vinkar til publikum før den avgjerande "fotballkampen" om VM-plass – den mest absurde kampen i VM-historia

Santiago de Chile onsdag 21. november 1973: Chile skal kvalifisere seg til fotball-VM. 18.000 tilskodarar er på plass på nasjonalstadion – Estadio Nacional.

Spelarane har varma opp og er klare. Publikum syng med på nasjonalsongen. Spelarane vinkar opp mot tribunane og tek sine plassar ute på bana. Dommaren set spelet i gang.

Det går berre 30 sekund. Så scorar Chile. Landet er på veg mot VM.

Men jubelen er ikkje heilt som den skal for laget som har scora eit så viktig mål og er på veg til den gjævaste fotballturneringa verda kan by på. Publikum har det ikkje heilt som på ein vanleg fotballkamp. Det er noko som manglar.

Dette er historia bak kampen som bloggar Vadim Furmanov i nettstaden Foot and Ball kallar «den mest absurde, patetiske og bisarre i VM-historia».

Vi skal kome tilbake til kampen. Først skrur vi tida 71 dagar tilbake.

Resultattavle Chile - Sovjet 1973

BUSINESS AS USUAL: Resultattavla viser 1–0 til Chile.

Kuppet

Tysdag 11. september 1973: Tidleg denne morgonen blir Chiles president Salvador Allende avsett i eit blodig militærkupp. Ei offisersgruppe under leiing av general Augusto Pinochet overtek styringa av landet, og det med brutal makt. Presidentpalasset blir bomba. Allende blir drepen eller tek sitt eige liv – her er historikarane usamde.

Salvador Allende er i 1970 blitt vald som den første marxistiske presidenten i Chile. På eit tidspunkt når den kalde krigen er på sitt aller kaldaste, er dette eit stygt slag for USA og deira enorme økonomiske og politiske interesser i Sør-Amerika.

USAs president Richard Nixon og hans nasjonale tryggingsrådgjevar Henry Kissinger fryktar at Chile skal bli eit nytt Cuba, og gjer alt for å torpedere Allendes regjering. Samstundes ser Sovjetunionen ei opning for å få eit etterlengta fotfeste i verdsdelen.

Resultatet er eit USA-støtta militærkupp med etterfølgjande drap, tortur og massearrestasjonar.

Estadio Nacional i Santiago blir same dagen omgjort til den største fangeleiren for alle som er mistenkte for å vere i opposisjon til juntaen. Tusenvis av menneske blir innesperra der. Mange av dei blir også torturerte og drepne inne på stadion. Garderobar blir gjort om til fengselsceller, og legevakt-rommet blir arena for avhøyr og tortur.

Ti andre fotballstadion omkring i landet blir også omgjorde til fangeleirar.

Nasjonalstadion Chile

BRUTALT: Militære held jerngrep om nasjonalstadion og alle som er internerte der

Foto: STR / REUTERS

Kaos for landslaget

Det er midt i dette kaoset Chile skal førebu seg til å møte Sovjetunionen i to kampar om ein plass i fotball-VM. At det er nettopp dei to laga som skal møtest, er klart allereie 5. august – altså medan Allende framleis er Chiles president, og dei to nasjonane er politisk gode vener. Men når kampane skal spelast, er dette dramatisk endra.

Den første kampen skal gå i Moskva berre to veker etter kuppet, og omstenda rundt den kampen er vanskelege nok. På kuppdagen 11. september skal det chilenske landslaget etter planen samlast for avreise til Moskva. Venstreback Eduardo Herrera frå Valparaíso er blant dei som møter fram som avtalt.

– Der fekk eg vite at reisa var avlyst, og gjekk tilbake til hotellet, som låg i nærleiken av presidentpalasset. Eg blei stansa av væpna vakter minst ti gonger på vegen. Hadde eg ikkje hatt bagen med tekst og logo for landslaget, hadde eg nok blitt arrestert, sa Herrera til The Blizzard.

Det er høgst usikkert om laget får lov til å reise. Det er totalt utreiseforbod frå Chile den første tida etter kuppet. Midtbanespelar og Allende-tilhengar Leonardo Véliz fortel at spelarane i dagane etter kuppet ikkje ante kva som ville skje.

– Radio og TV var stengde, og vi skulle reise til Moskva. Vi visste ingenting, seier Véliz til The Blizzard.

– Kvar morgon på veg til trening var vi livredde for dei militære som var over alt. Eg var ein open tilhengar av presidenten som nettopp hadde blitt bomba av desse folka. Og eg hadde mykje marxistisk musikk og litteratur heime, fortel han.

Landslagskamerat Nelson Vasquez får kupp-konsekvensane endå nærmare inn på livet. Far hans er leiar av transport-fagforeininga i Valparaíso. Om kvelden på kuppdagen kjem ikkje faren heim. Han er arrestert. Vasquez nektar å reise med landslaget før far hans er sett fri.

Gustavo Leigh

OVERTALTE JUNTAEN: Forsvarssjef Gustavo Leigh greier å få resten av militærjuntaen til å la landslaget reise til Moskva

Foto: SANTIAGO LLANQUIN / AP

– Kritikk vil ramme familiane

Landslagslege Jacobo Helo synest det er for ille om laget må bli heime. I så fall vil VM gå utan Chile. Det går på æra laus for landet som arrangerte VM og tok bronse 11 år tidlegare. Då blei sjølvaste VM-finalen spela på nettopp Estadio Nacional.

Men Helo er tilfeldigvis også personleg lege for general Gustavo Leigh. Leigh er luftforsvarssjef og ein av leiarane i militærjuntaen. Helo får overtydd Leigh om prestisjetapet det vil vere å nekte laget å spele kampen i Moskva.

Leigh greier å overtale kuppleiarane, og landslaget får grønt lys. Derfor får laget legge ut på den lange turen, fire dagar etter planen. Men med seg har dei ein klar beskjed frå makthavarane:

– Ikkje eitt einaste kritisk ord om kuppet eller juntaen i løpet av reisa. Elles går det ut over familiane her heime.

Flyet – det aller første som tek av frå Chile etter kuppet – går ikkje frå hovudflyplassen, som er stengd, men frå ein av dei mindre flyplassane ved Santiago. Same dag blir også Nelson Vasquez' far sett fri, og Nelson rekk akkurat flyet.

Verre går det for den andre landslagslegen, Alfonso Reyes. Han er kommunist og kjend for å hjelpe aktivistar og fattige med gratis helsehjelp.

På kuppdagen er han på jobb på klinikken sin når ei kvinne kjem og ber om hjelp. Ho er på flukt frå militærjuntaen. Det er Miria Contreras Bell, elskarinna til den avsette – og på det tidspunkt døde – president Allende. Reyes reddar livet hennar ved å surre henne inn i så omfattande bandasjar at ingen kjenner henne att.

Like etterpå blir Reyes arrestert og må tole 11 månader i fangenskap og tortur.

– Av alle som var involvert i chilensk fotball var det han som fekk lide mest, seier Leonardo Véliz.

Estadio Nacional

ARRESTERTE: Chiles nasjonalstadion for fotball blir til ei brutal fangeleir

Foto: Ap

– Dommaren var rabiat antikommunist

Onsdag 26. september 1973: Det er dagen for første kamp, i Moskva. Kuppet har ført til politisk isfront mellom Sovjet og Chile.

– Vi var livredde for å bli arresterte og brukte som pressmiddel for å få sett fri politiske fangar heime, seier ein av spelarane.

Det skjer ikkje. Men nokre av spelarane blir haldne att på flyplassen i fleire timar før dei får reise inn til byen. Problem med pass er den offisielle forklaringa.

Sovjet nektar all tv-overføring og opptak av kampen. Ingen journalistar slepp inn på gigantiske Lenin stadion, der kampen blir spela i fem kuldegrader denne russiske septemberkvelden. Det einaste omverda får vite, er at resultatet blir 0–0. Eit uventa sterkt resultat for Chile, som får eit favorittstempel før returkampen i Santiago.

Og kanskje eit resultat som også har sitt politiske bakteppe. I alle fall ifølgje det den chilenske journalisten Hugo Gasc skriv mange år seinare:

– Heldigvis var (den brasilianske) dommaren ein rabiat antikommunist. Saman med vår fotballpresident Francisco Fluxá prøvde vi å overtyde han om at han ikkje kunne la oss tape i Moskva. – Dømminga hans hjelpte oss heilt klart, skriv Gasc, den einaste chilenske journalisten som får lov å reise med laget til Moskva.

Forsvarsspelar Leonardo Véliz er ein av heltane når Chile held nullen i kampen i Moskva. Men når han kjem heim att, får han vite at onkelen hans er blitt borte. Dagane går, ingen høyrer eit ord verken frå han eller om han. Véliz bestemmer seg for å gå ut og leite. Han reknar med at Estadio Nacional er staden å begynne.

– Eg var så redd at eg ikkje våga å spørje i kommandanten i hovudporten, så eg ropte i staden til ein av dei som heldt vakt. Han kjende meg att. Eg sa at eg ønskte informasjon om onkel, og vaktmannen bad meg kome att neste dag, fortel Véliz til Blizzard.

Veléz tek på seg trøya frå klubben sin Colo Colo og går tilbake dagen etter. Der får han eit kort svar: «Han er i live». Nokre få dagar seinare blir onkelen sett fri.

Misael Escuti

LYKKELEGARE DAGAR PÅ STADION: Chiles keeper Misael Escuti i aksjon under VM i 1962. Chile tek bronse på Estadio Nacional

Foto: Ap

Krev kampflytting

Trass i at kuppmakarane prøver å halde det hemmeleg, blir det raskt allment kjent internasjonalt at Estadio Nacional er interneringsleir for tusenvis av politiske fangar.

Allereie 23. september blir det derfor arrangert internasjonal pressetur på stadion. Juntaen vil vise at alle har det godt. Turen er strengt regissert. Ingen intervju med fangane, berre foto på avstand. Nokre journalistar prøver å rope spørsmål, men blir raskt dratt vekk.

– Alle blir godt behandla, og alle får nok mat og drikke. Ingen blir torturert, seier makthavarane.

Opplysningar som har kome fram i ettertid, fortel ei heilt anna historie. Tortur høyrer til dagens orden inne på stadion. Truleg også medan pressefolka er der.

Derfor kunngjer Sovjetunionen at dei ikkje vil spele kampen i Chile, og slett ikkje på Estadio Nacional.

– Kampen må spelast i eit nøytralt land, krev Sovjet.

Stanley Rous

NEI TIL KAMPFLYTTING: Engelske Stanley Rous er president i det internasjonale fotballforbundet. Han nektar å flytte kampen frå Estadio Nacional, ettersom Chile lovar at alt vil vere normalt når kampen skal spelast

Foto: Ap

Nektar flytting

– Av moralske grunnar kan ikkje vi spele på ei bane som er gjennomtrekt av blod frå chilenske patriotar, heiter det i den sovjetiske kunngjeringa.

Det chilenske fotballforbundet foreslår eit kompromiss: Å spele kampen i Viña del Mar, 13 mil unna nasjonalstadion. Men militærjuntaen nektar. Å flytte frå nasjonalstadion vil vere ei innrømming som sit altfor langt inne for Pinochet og hans generalar. FIFA – det internasjonale fotballforbundet – sit lenge passivt på sidelinja, men vel til slutt å gripe inn etter kravet frå Sovjet.

«Gripe inn» betyr å sende to inspektørar til Estadio Nacional.

– FIFA var berre interessert i kvaliteten på grasteppet

Onsdag 24. oktober 1973: FIFA-inspeksjonen er varsla i god tid. Når dei to inspektørane – visepresident Abilio d'Almeida og generalsekretær Helmuth Käser – kjem, har juntaen fått tid til å flytte fangane lengst inn i korridorane og til dei mest bortgøymde romma i stadion-komplekset. Der er det framleis fleire tusen fangar.

– Vaktene sikta på oss med våpen og trua oss til å vere stille, fortel Jorge Montealegre fleire år etterpå. 19-åringen er blant dei som er internerte på stadion når FIFA-folka er der. – Dei heldt oss gøymde i tunnelar og garderobar i kjellaren. Vi måtte halde oss heilt stille fordi journalistar følgde FIFA-inspektørane, seier Montealegre.

Han tek til å skrive dikt i fangenskapet, og blir seinare ein kjend diktar.

– Vi ville berre rope ut "hei, vi er her, kom", seier Felipe Agüero til New York Times. Han har vore innesperra på stadion i ein månad. – Men FIFA var visst berre interessert i om kvaliteten på grasteppet var god nok etter vekene med interneringsfangar, legg han til.

FIFA-delegasjonen finn at her er det ingenting å setje fingeren på. Dei seier at kampen kjem til å gå som planlagt, med eller utan sovjetisk frammøte.

– Vår rapport kjem til å slå fast at alt er som det skal vere, og at kampen kan spelast som planlagt, seier FIFAs inspektørar på pressekonferansen etter inspeksjonen.

Pressefortografer på Estadio Nacional i Chile 1973

INTERESSE: Det kryr av pressefotografar på stadion til denne mildt sagt spesielle VM-kampen, som på kampdagen vekkjer enorm internasjonal oppsikt

Juntaen: Business as usual

Søndag 11. november: Fristen Sovjetunionen har fått for å gi beskjed om dei vil spele kampen eller ikkje, går ut. Sovjet seier nei. For aller første gong i VM-historia trekkjer eit lag seg frå ein kamp av politiske grunnar.

Dermed er Sovjet diska frå kvaliken, og FIFA fastset det offisielle resultatet til 2–0 til Chile. Det er det som den dag i dag står på FIFAs nettside, utan nærmare forklaring.

Chile er dermed VM-klar, ti dagar før returkampen skal spelast. Men det er ikkje nok for militærjuntaen i Santiago. To månader etter kuppet er det viktig for dei å vise for heile verda at alt er blitt normalt igjen i hovudstaden og landet. Business as usual.

Dei siste 1700 fangane er – offisielt – blitt flytta frå Estadio Nacional til gruvebyen Pisagua i Atacama-ørkenen, heilt nord i det langstrakte landet. Stadion er tomt for fangar no, fortel representantar for makthavarane.

Men igjen fortel ettertida noko anna.

– Ein av mine gode vener fortalde meg seinare at han framleis sat fanga då den farseprega kampen blei spelt, seier landslagsspelar Leonardo Véliz. – Han fortalde at han høyrde jubelbruset frå cella der han var innestengd.

På overflata går førebuingane til fotballkampen som vanleg. Billettar blir selde. Men etterspurnaden er ikkje overveldande.

«Spøkelseskampen»

Santiago de Chile onsdag 21. november 1973: Kampdagen er komen, og arrangørane gjer sitt beste for å gi førebuingane skin av å vere som før ein normal landskamp. Dommar Erich Linemayr frå Austerrike set spelet i gang, og heimelaget tek avspark.

Mindre enn eit halvt minutt etterpå er ballen i mål. Kaptein Francisco Valdés er målscorar. «Chile 1, Sovietica 0», står det på resultattavla. Chile er på veg til VM i Vest-Tyskland neste sommar.

Men det er altså noko som manglar: Ein motstandar.

Det finst ikkje ein einaste motspelar på bana. Dei chilenske spelarane kan trille nokre pasningar seg imellom og sende ballen i tomt mål. Jubelen frå dei 18.000 på eit stadion som tek fem gonger så mange, er heller ikkje veldig entusiastisk. Kampen er over etter scoringa. Det er ingen som kan ta avsparket etterpå.

Her kan du sjå heile den farseprega «kampen»:

Det betyr ingenting. Alle veit at Chile blei VM-klar for fleire dagar sidan.

– Kampen går inn i historiebøkene som den mest bisarre og patetiske som nokon gong er spela, iallfall på internasjonalt nivå, skriv bloggar Vadim Furmanov i Foot and Ball. Sjølv i ei tid der toppidrett er meir politisk enn kanskje nokon gong, er denne farsen ekstrem.

Arrangørane veit sjølvsagt kva som vil skje. For å gi publikum fotball å juble for, har dei hyrt inn det brasilianske topplaget Santos. Det blir derfor ein skikkeleg kamp etter at dei 30 sekunda med absurd og proforma VM-kvalifisering er over. Der får Chiles VM-klare landslag bank med 5–0.

CHILE PISAGUA

GRAVPLASS: Her ved gruvebyen Pisagua i Atacama-ørkenen ligg gravplassen som fortel si historie. Hit blei fangane sende for å gjere klar Estadio Nacional til farsekampen i VM-kvalifiseringa

Foto: IVAN ALVARADO / REUTERS

Stjernespelaren: – Ekstremt pinleg

Carlos Caszely spelar for Chile den dagen. Motvillig.

– Dette var heilt idiotisk. Vi dumma oss ut for heile verda, det var ekstremt pinleg, seier Caszely.

Driblekongen Caszely er stjernespelaren på laget, og stor nasjonalhelt. Men han har også markert seg tydeleg som ein støttespelar for den avsette presidenten Salvador Allende, og Caszelys familie blir derfor passa ekstra godt på av juntaen.

Så sterk er Caszelys personlege popularitet og Pinochet-motstand at når han legg opp som spelar 12 år seinare, er det ingen tv-kanal som vågar å vise avskjedskampen. Dei fryktar både reaksjonar frå diktatoren og å utløyse bråk ute blant folk. Men 80.000 menneske møter opp på tribunane for å hylle den antiautoritære stjerna.

Leonardo Véliz går også motvillig ut på bana denne novemberkvelden i 1973.

– Prøv å forstå kva eg kjende då eg gjekk på bana til den mest latterlege kampen i fotballhistoria, ein kamp så skammeleg at han aldri skulle vore spela, seier Véliz.

– Dersom eg visste alt som eg veit no, hadde eg lagt opp som fotballspelar der og då. Men då hadde eg vel blitt behandla som ein forrædar, seier han.

Nektar å handhelse – mor blir torturert

Carlos Caszely

NEKTAR Å HELSE: Carlos Caszely var stjerna på Chiles landslag. Men han nekta å handhelse på diktatoren, derfor blei mor hans torturert

Foto: Emilio Kopaitic

Juni 1974: Når landslaget samlast for avreise til VM, kjem Augusto Pinochet for å ønskje laget lykke til i Tyskland. Han vil handhelse på alle spelarane.

– Det kom ein mann med kappe, hatt og mørke briller. Det gjekk kaldt nedover ryggen min då eg såg den Hitler-liknande fyren med fem menn bak seg, fortel Caszely ifølgje pri.org. Han nektar å ta Pinochet i handa. Han legg høgrehanda si demonstrativt på ryggen når Pinochet går forbi – framfor publikum og tv-kamera.

– Eg er imot alle former for diktatur. Eg kunne ikkje ta ein diktator i handa, seier Caszely etterpå.

Det er ein av dei aller første offentlege demonstrasjonane mot diktatoren, og den får konsekvensar. Ikkje for Caszely personleg, men for mor hans. Ho blir arrestert og torturert.

Men ho overlever. Når Pinochet mange år seinare – i 1988 – lyser ut folkerøysting for å få støtte for å sitje i åtte år til, er mor og son Caszely på tv og ber veljarane innstendig om å røyste mot diktatoren. Pinochet taper, og litt over eit år seinare går han av. Chile er omsider på veg mot demokrati igjen.

Berlin-demo mot Chile

VM I TYSKLAND: Chile får ikkje mykje støtte frå tribunane under VM i 1974. Tvert imot – det er tydelege demonstrasjonar på tribunane. Her frå kampen mot heimelaget i Vest-Berlin

Var Sovjet redd for å tape?

Ettertida har reist fleire spørsmål om hendingane kring kampen:

Hadde Sovjet nekta å spele også dersom dei hadde vunne heimekampen? Var storfavoritten rett og slett redd for å tape? Trekte dei seg for å innkassere ein PR-gevinst i den kalde krigen?

FIFA, med engelske Stanley Rous som president, hadde godkjent at Nord-Irland fekk flytte kvalifiseringskampar frå Belfast til England av frykt for bråk og terroraksjonar.

Men dei nekta å flytte Sovjet-kampen frå Santiago og Estadio Nacional. Kvifor? Og var FIFA-inspektørane verkeleg så lettlurte at dei ikkje fann ut kva som faktisk skjedde inne på stadion? Eller ville dei rett og slett ikkje vite noko?

Vi kan berre spekulere. Svar får vi neppe.

PS: Når Estadio Nacional blir renovert og modernisert i 2011, blir ein seksjon av den gamle tribunen ståande igjen. Den er dedikert minnet om fangane frå kuppet i 1973, og har fått namnet Escotilla 8 – eller Port 8. Det var denne porten som førte inn til den delen av arenaen der dei fleste fangane måtte opphalde seg i påvente av kva som skulle skje med dei.

Fotball

  • Messi-fans får 50 prosent refusjon etter Hongkong-fiaskoen

    Fans som kjøpte billetter for å se Lionel Messi i Hongkong får tilbakebetalt 50 prosent av billettprisen etter at argentineren mistet treningskampen.

    Det er riktignok kun så lenge de ikke iverksetter rettslige skritt mot arrangøren.

    Et utsolgt stadion betalte fra 880 Hongkong-dollar (1200 norske kroner) for å se den åttedobbelte gullballvinneren i aksjon 4. februar. Da ble det spilt en treningskampen mellom Inter Miami mot en utvalgt Hongkong XI.

    Reaksjonene var sterke da Messi ble sittende på benken gjennom hele kampen på grunn av en skade.

    Det ble ikke bedre da han tre dager senere spilte en halvtime da laget hans møtte japanske Vissel Kobe i Tokyo. Da kom anklagene om at Messis «no show» i Hongkong var rettet mot Kina.

    Arrangør Tatler Asia tilbød mandag 50 prosent refusjon for «de som kjøpte billetter gjennom offisielle kanaler til kampen».

    De som vil ha noen av pengene tilbake, må godta vilkår og betingelser som inkluderer at de ikke kan ta rettslige skritt mot arrangøren.

    Messi på benken under kampen i Hongkong
    Foto: AFP
  • Skadet Messi ute av Argentinas landslagstropp

    Lionel Messi er ikke aktuell for Argentinas kommende privatlandskamper i USA som følge av en hamstringskade.

    Det opplyser fotballforbundet i Argentina mandag.

    Messi pådro seg skaden i kampen mot Nashville i nord- og mellom-Amerikas mesterliga forrige torsdag, og den 36 år gamle fotballstjernen gikk også glipp av Inter Miamis MLS-møte med DC United lørdag.

    «Lionel Messi vil ikke være i troppen til vennskapskampene i USA på grunn av en mindre hamstringskade i det høyre låret pådratt,» skriver forbundet på X.

    Messi er det siste i rekken av forfall for landslagssjef Lionel Scalonis. Roma-spissen Paulo Dybala, Bayer Leverkusens midtbanespiller Exequiel Palacios og Bournemouth-forsvareren Marcos Senesi er også uaktuelle.

    Argentina møter El Salvador fredag i Philadelphia, før Costa Rica er motstander fire dager senere i Los Angeles. (NTB)

    FILE PHOTO: World Cup - South American Qualifiers - Brazil v Argentina
    Foto: Sergio Moraes / Reuters
  • Haugesund-keeper røk korsbåndet

    Haugesund-keeper Amund Wichne fikk mandag den tunge beskjeden om at korsbåndet er røket og at hele sesongen sannsynligvis ryker.

    Det skriver eliteserieklubben på sine hjemmesider.

    Wichne pådro seg skaden under den nylig avsluttede treningsleiren i Spania. Mandag forelå diagnosen.

    26-åringen fra Mandal har røket korsbåndet og må med normal rekonvalens belage seg på seks til ni måneders fravær fra fotballen.

    – Det er selvsagt en veldig tøff beskjed å få som fotballspiller, men Amund har et så sterkt hode og en så sterk mentalitet at han garantert kommer tilbake for fullt, sier Haugesunds sportslige leder Eirik Opedal.

    Haugesund spiller åpningskampen i den nye eliteseriesesongen søndag 31. mars borte mot Odd. (NTB)

    Eliteserien fotball 2023: Odd - Haugesund (1-1)
    Foto: Frederik Ringnes / NTB
  • Overtidsseier sendte Chelsea til semifinale i FA-cupen

    Chelsea fikk tøff kamp av Leicester i kvartfinalen av FA-cupen i London søndag. To scoringer dypt inne i overtiden sørget likevel for avansement.

    Avgjørelsen falt to minutter ut i tilleggstiden da Carney Chukwuemeka spilte vegg med Cole Palmer før han bredsidet inn 3-2-scoringen.

    Like etterpå økte Noni Madueke ledelsen til 4-2 på vakkert vis.

    Før det hadde Chelsea gjort det unødvendig spennende for seg selv etter en god start.

    Litt over tolv minutter var spilt da Nicolas Jackson driblet seg inn i feltet og fant Marc Cucurella med et flatt innlegg. Backen var umarkert på bakerste stolpe og kunne enkelt plassere ballen i det åpne målet.

    Raheem Sterling bommet så på straffe, men gjorde opp for seg like etter da han serverte Cole Palmer foran mål i forkant av 2-0-målet.

    Chelsea styrte komfortabelt mot semifinale, men Axel Disasi skapte ny spenning etter sidebyttet da han leverte en kandidat til årets selvmål.

    Franskmannen var under press da han skulle spille en pasning til egen keeper. Pasningsforsøket var ikke i nærheten av å finne Robert Sánchez og fløy isteden i eget mål.

    Like etter timen spilt kom også utligningen. Stephy Mavididi driblet seg gjennom Chelsea-forsvaret og curlet ballen inn i det lengste hjørnet til 2-2.

    Leicesters Callum Doyle ble sendt av banen like etterpå, og Chelsea utnyttet fordelen med å finne veien til nettmaskene for tredje og fjerde gang i kampen. (NTB)

    Britain Soccer FA Cup
    Foto: Dave Shopland / AP
  • Haaland og Manchester City videre i FA-cupen

    Manchester City er videre til sin sjette strake semifinale i FA-cupen etter 2-0 hjemme mot Newcastle i kvartfinalen lørdag kveld.

    Bernardo Silva scoret kveldens første for hjemmelaget med et skudd via Newcastle-spiller Dan Burn og i mål. Da var det spilt 13 minutter.

    Etter halvtimen spilt var Silva igjen involvert. Portugiseren skar inn fra høyre og skjøt via Newcastles Sven Botman denne gangen, og i mål.

    Dermed stod det 2-0 til City og den ledelsen tviholdt de på kampen igjennom. Erling Braut Haaland spilte 87 minutter for vertene, mens Oscar Bobb kom inn da et knapt kvarter gjenstod av ordinær tid.

    Det har blitt en vane for Manchester City å komme langt i FA-cupen de siste årene.

    Siden Pep Guardiola ble manager for klubben i 2016 har de vært i semifinalen syv ganger. I samme periode har de vunnet turneringen to ganger.

    Manchester Citys semifinalemotstander trekkes søndag.

    Haaland
    Foto: AP
Champions League - Round of 16 - Second Leg - Borussia Dortmund v PSV Eindhoven
Terland
Molde-spilleren Emil Breivik måtte bæres ut på båre etter stygg skade i cupfinalen.