Celtic har missa i Europa under Ronny Deilas leiing både i fjor og i år. Krava om hans avgang aukar i styrke med tap i europaligakampen mot Ajax.
– I fotball veit ein aldri, men eg har ei god kjensle på at eg får ein ny sjanse i kvalifiseringa til meisterligaen neste år, seier han til NTB.
Etter dobbel-tapet mot Molde er Celtics sjansar til avansement i Europaligaen små. Tap i kveld betyr kroken på døra. For Celtic, vel å merke, ikkje nødvendigvis for Deila.
– Denne jobben er eit veldig langt løp. Vi skal utvikle og endre, samstundes som fokus på resultat er konstant, seier han.
Suksessen blir målt i Europa
For det er i Europa Celtic skal måle suksessen. Heime i Skottland vinn dei ligaen som dei vil, kanskje også begge cupane.
– Det går ikkje an å bli god når du vinn ligaen berre ved å møte opp, sa Molde-manager Ole Gunnar Solskjær etter Moldes 2-1-siger i Glasgow for tre veker sidan.
Deilas statistikk med Celtic i Europa er dyster: Berre tre sigrar på 16 kampar.
– Det er vanskeleg å overvurdere betydninga for Deila av ein Celtic-siger i kveld, skriv kommentator Graham Spiers i Herald Scotland i dag.
– Tap, eller til og med uavgjort, vil styrke inntrykket av at Deila er langt utanfor det han meistrar når han kjem utanfor Skottland, seier Spiers.
Nedgåande kurve
BBCs kommentator Tom English påpeikar ein nedgåande kurve for Celtic. I sin andre sesong som manager tok Gordon Strachan Celtic til åttedelsfinale i meisterligaen. Hans etterfølgjar Neil Lennon førte i sin andre sesong klubben til gode resultat mot gode klubbar som franske Rennes og italienske Udinese, som hevda seg høgt i sine ligaer.
Men Deila har ikkje resultat som kan matche desse. Han har to kampar att til å imponere klubbeigar Dermot Desmond på – kveldens heimekamp mot Ajax og bortekampen mot Fenerbahce i Tyrkia om to veker.
Celtic-favorittar i kulissane
Om resultata der ikkje blir gode nok, lurer to Celtic-favorittar i kulissane: David Moyes er ledig etter å ha fått sparken i spanske Real Sociedad. Den tidlegare Everton- og Manchester United-manageren er skotte og populær i Celtic.
Og Roy Keane har også sagt at han er lysten på å gå tilbake til klubb-management igjen. Men det vil tidlegast skje etter EM til sommaren, fordi han er assisterande landslagssjef for Irland. Keane har ei høg stjerne hos klubbeigar Desmond.
Celtic manglar fleire nøkkelspelarar i kveld: Kaptein Scott Brown og Kris Commons er skadde, og Nir Bitton og Stefan Johansen er suspenderte.