Den førre kontrakten til Deila vara ut 2015. Ifølgje NRK sine kjelder skal trenaren no ha forlenga med eitt år ekstra - i ein kontrakt som inkluderer betre lønn.
Deila har vore hovudtrenar for Strømsgodset sidan 2008. Før det var han assistenttrenar i 2006 og 2007.
Ville ikkje gi garantiar etter gullet
Etter seriegullet i november ville ikkje Deila gi nokon garantiar for at han blei i klubben.
– Eg har kontrakt med Strømsgodset ut 2015. Og det held eg meg til. Og det har eg lyst til, sa Deila 12. november, før han la til:
– Men dersom det plutseleg dukkar opp tilbod frå utlandet vil det vere interessant, akkurat som det er for spelarane mine. Er tilbodet frå ein klubb kor eg kan utvikle meg vidare, og noko eg verkeleg ønskjer, må eg vurdere det.
- Les også:
Tilbod frå Sverige
Utlandet ringde på døra til Deila denne veka, då Malmö har vist stor interesse for trenaren.
Han har òg blitt nemnd som éin av kandidatane til Molde-jobben - etter at Ole Gunnar Solskjær blei Cardiff-manager. Heitast har han derimot blitt lenka til svenske Malmö.
Den svenske seriemeisteren skal ha tilbode Deila trenarjobben laurdag, ifølgje Drammens Tidende.
Strømsgodset har sete i møter gjennom søndagen, og seint om ettermiddagen skal Deila og klubben ha kome til einigheit om ei kontraktsforlenging.
- Les også: