Skottar har ry på seg for å vera gniarar, men på balløya er det fleire managerar som har pengar nok til å strø om seg.
Lista, som er publisert av fotballmagasinet FourFourTwo, er nemleg til dels dominert av tre skottar. Alle kjem dessutan frå same by: Glasgow.
Også to italienarar er representert på lista, og ligg ikkje overraskande høgt plassert.
10. Alex McLeish (Aston Villa)
For første gong på topp-ti-lista. Ein av tre trenarar frå Glasgow i FourFourTwos gode selskap.
Starta manager-karriera si i Motherwell, før han heldt fram i Hibs, Rangers og Skottland.
I 2007 tok han flyet sydover og fekk i oppgåve å stable Birmingham på beina.
Det første året industri-byen tente han rundt 10 millionar kroner i året, men løna blei straks dobla etter at han tok laget til Premier League og 9. plass i 2009/2010-sesongen.
McLeish sit no på ein lukrativ treårskontrakt med Villa. FourFourTwo anslår at den tidlegare toppspelaren kan kose seg med rundt 55 millionar kroner på bankkontoen.
9. André Villas-Boas (Chelsea)
Tidenes yngste manager som har vunne eit europacup-trofé. Den ambisiøse portugisaren var bare 33 år og 213 dagar då han førte Porto til europaliga-gull våren 2011.
Supertalentet gjekk seinare på året til Chelsea, bare året etter at han fekk manager-jobben i Porto. Der signerte Villas-Boas ein treårskontrakt som tredobla løna hans.
At London-klubben rasla med pundsedlane var ikkje utan grunn. På eitt år vann portugisaren ligaen, cupen, den portugisiske cupen og europaligaen med Porto.
Chelsea skal ha betalt rundt 133 millionar kroner for å kjøpe trenaren fri.
I portugisarens pengesekk ligg det rundt 65 millionar kroner, anslår FourFourTwo.
8. Kenny Daglish (Liverpool)
Andre mann frå Glasgow på riking-lista. Liverpools trenarlegende frå 80- og tidleg 90-talet.
King-Kenny kom tilbake til Liverpool i 2009 for å hjelpe klubben med talentutvikling. Men når det opna seg ein ledig plass i managerstolen etter Roy Hodgson i, blei Daglish etter kvart den rette erstattaren.
Daglish signerte for tre år med Merseyside-klubben.
Ifølgje FourFourTwo sit han sjølv på åtte millionar pund, altså 75 millionar kroner.
7. Steve Bruce (Sunderland)
Steve Bruce har brukt ein del pengar på forsterkingar denne sommaren, men ikkje frå si eiga lommebok.
Som spelar var Bruce ein stor suksess på Old Trafford. Der var han med på å vinne tre serietitlar og tre FA-cup-trofé med Manchester United.
Briten starta trenarkarriera i Sheffield United i 1998.
Elleve år og fem klubbar seinare tok han over styringa i Sunderland i 2009. Der signerte han ein treårskontrakt som sikrar han 30 millionar kroner i året.
Formuen hans skal ligge på det tredobbelte, altså 85 millionar kroner, skriv FourFourTwo.
6. Harry Redknapp (Tottenham)
Den rutinerte ringreven tok over eit kriseramma Tottenham i 2008, og leia London-klubben frå nedrykksposisjon i ligaen til klubbens beste sluttplassering i Premier League på ein og ein halv sesong.
Champions League-sluttspel blei det også. Med Redknapp i sjefsstolen tok klubben seg til kvartfinale i den gjevaste turneringa, etter å ha slått både AC Milan og Inter Milan på vegen.
På Redknapps bankkonto er det også jubel. Formuen skal ligge rundt 90 millionar kroner, skriv FourFourTwo.
5. Sven-Göran Eriksson (Leicester)
Trenarnomaden frå Sverige har vore høgt og lågt dei siste åra, med engasjement i både Notts County (sportsdirektør) og Englands landslag.
Sit mellom anna med ligatitlar frå Italia (som manager i Lazio) og Portugal (Benfica).
Har også trena Manchester City, Mexico og Elfenbenskysten dei siste ti åra.
Er i dag manager i Championship-klubben Leicester City.
I FourFourTwo verdset dei kontoen hans til 135 millionar kroner.
4. Roberto Mancini (Manchester City)
Italienaren som skal få skikk på stjernegalleriet i Manchester City.
Førte klubben til sitt første trofé på 35 år med siger i FA Cup-finalen i 2010.
Italienaren starta trenarkarriera i Fiorentina i 2001. Etter dette har han heva løn i både Lazio og Internazionale.
Kontrakten i City er verd rundt 60 millionar kroner i året. Alt i alt skal Mancini ha fått rundt 300 millionar kroner i løn og kompensjasjonar som trenar. Men grunna skattar og forbruk anslår FourFourTwo at det ligg rundt 170 millionar kroner i bankboka.
3. Arsene Wenger (Arsenal)
Har gått trofélaus med Arsenal i seks sesongar, og denne sesongen ser ikkje ut til å bli noko betre.
Aldri før har franskmannen starta ein sesong verre enn på hausten i 2011, med bare sju poeng på sju kampar.
Wenger signerte for nye fire år med London-klubben i 2010.
Ifølgje FourFourTwo er managerens formue rekna til å vere rundt 180 millionar kroner.
2. Sir Alex Ferguson (Manchester United)
Tredje og siste «glaswegian» på lista. United-legenden rundar 25 år som United-manager i november, og toppar tabellen i Premier League etter sju kampar i 2011/2012-sesongen.
Med heile 12 ligatitlar og to Champions League-trofé er han allereie legende i Manchester-klubben.
Hamna på tredjeplass på FourFourTwos riking-liste i fjor. Dette året har han tatt steget opp bak førsteplassen, med eit rekna kontoverdi på rundt 270 millionar kroner.
1. Fabio Capello (England)
Jernmannen frå Italia blei tilsett som England-manager i 2008. Der skulle den allereie meritterte sjefen snu ei skakkjørt landslagsskute på riktig kurs.
Dette har ikkje gått heilt som planlagt. I sist meisterskap (VM i Sør-Afrika 2010) gjekk England på trynet i åttandedels-finalen med 4-1-tap mot Tyskland.
65-åringen, som tidlegare har vunne ei rekke trofé i AC Milan, Real Madrid, Juventus og Roma, er no på veg mot EM i Ukraina og Polen 2012.
Suksess i den meisterskapen kan sikre meir god inntekt for italienaren. Men førebels ligg formuen solid foran dei andre på topplista med rundt 380 millionar kroner, skriv FourFourTwo.