NRK Meny
Normal

Dei er i "dødens gruppe"

"Dødens gruppe" i VM er ikkje nødvendigvis den du trur. Her ser du kva grupper som er lette og vanskelege – vel å merke ut frå FIFA-rankingen som kom i dag.

England jubler

Her jublar England for mål mot Ecuador onsdag kveld. I VM har engelskmennene hamna i den tøffaste gruppa av dei alle, ifølgje FIFA-rankingen

Foto: MLADEN ANTONOV / Afp

2010-finalistane Spania og Nederland er begge i gruppe B i Brasil-VM, men det er slett ikkje den vanskelegaste. Den er tvert imot berre nummer fem på rankinglista .

Det er gruppe D med blant andre England og Italia som er den hardaste, ifølgje FIFA. Men hakk i hær kjem Tysklands gruppe. Lettast veg vidare får Argentina.

England er rangert så høgt oppe som på tiandeplass, men det er bak både Italia og Uruguay.

I den andre enden av skalaen finn vi Bosnia, som med sin 21.-plass er nest høgast rangert i gruppe F, og der Iran på 43.-plass blir hardaste utfordraren. Ifølgje rankingen.

Dersom ein summerer plass-sifra på FIFA-rankingen, får du også fasiten på kva grupper som er dei tøffaste, og kva grupper som gir lettast veg til åttedelsfinalene. Lågast samla plassiffer gir vanskelegast gruppe.

England i "dødens gruppe"

Slik ser lista ut, med den hardaste gruppa øvst. FIFA-rankingen i parantes:

Gruppe D: Uruguay (7), Italia (9), England (10), Costa Rica (28). Totalsum 54.

Gruppe G: Tyskland (2), Portugal (4), USA (13), Ghana (37). Totalsum 56.

Gruppe E: Sveits (6), Frankrike (17), Ecuador (26), Honduras (33). Totalsum 82.

Gruppe C: Colombia (8), Hellas (12), Elfenbeinskysten (23), Japan (46). Totalsum 89.

Gruppe B: Spania (1), Chile (14), Nederland (15), Australia (62). Totalsum 92.

Gruppe A: Brasil (3), Kristia (18), Mexico (20), Kamerun (56). Totalsum 97.

Gruppe H: Belgia (11), Russland (19), Algerie (22), Sør-Korea (57). Totalsum 109.

Gruppe F: Argentina (5), Bosnia (21), Iran (43), Nigeria (44). Totalsum 113.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.