- Kampfakta: Start - Sarpsborg 1-1 (0-0)
– Eg vaknar opp om morgonen og trur på alle i klubben. Eg trur på spelarane, supportarane og meg sjølv. Det er det viktigaste. Alle føler det same, seier Deane til NRK.
- SJÅ: Eliteserietabellen
I søndagens oppgjer måtte østfoldklubben ta til takke med eitt poeng i borteoppgjeret mot Start. Sluttresultatet vart 1-1 i ein kjedeleg kamp på Sør Arena.
– Nervøs førestilling
– Eg tykkjer det er eit bra poeng. Det er vanskeleg å komme hit. Men det betyr at vi må plukke poeng i dei resterande kampane, seier trenaren.
– Når vi ser på forma Start har vore i dei siste kampane er det bra å ta eitt poeng her. Det var ei nervøs førestilling for begge lag. Uavgjort er nok eit rettferdig resultat, seier Deane.
Det var Start som tok leiinga på Sør Arena. Matthias Vilhjalmsson sikra si ellevte scoring då han heada inn 1-0 berre 45 sekund ut i andre omgang. Men Sarpsborg 08 slo tilbake kvarteret seinare. Steffen Ernemann sitt skot frå 20 meter gjekk via Jesper Mathisen og i mål.
– Dersom ein ikkje skyt, så scorar ein aldri. I dag gjekk den inn, seier Ernemann til NRK.
Trur på ny eliteseriekontrakt
Også danske Ernemann har trua på at Sarpsborg kan overleve trass i at det er seks poeng opp til sikker plass med berre fire serierunder att.
– Det trur eg. Viss vi fokuserer på ein kamp av gangen. Vi har mannskapet til det. Dersom alle gir det lille ekstra så overlever vi, seier han.
– Eg tykkjer vi var best mot Start. Vi vil mest og spelar best fotball, så det skulle gjerne ha vore tre poeng, seier dansken.
Mjelde trur 32 poeng kan halde
I Start-leiren var dei fleste skuffa over det eine poeng mot Sarpsborg 08. Klubben hadde vunne fire kampar på rad før møtet med tabelljumbo Sarpsborg 08.
Trenar Mons Ivar Mjelde trur likevel det eine poeng kan vere nok til å sikre plassen i eliteserien. Start står med 32 poeng med fire kampar att.
– Det kan vere nok. Lars Tjærnås er ein klok mann og han meiner 32 poeng kan halde, seier Mjelde.
I dei fire siste kampane møter Start mellom andre tøffe motstandarar Strømsgodset og Rosenborg.
Ser oppover på tabellen
– Vi gler oss sinnsjukt. Vi tek ein kamp av gangen og prøver å samle saman så mange poeng vi kan. Vi har vist at vi kan plukke poeng frå kven som helst, seier Mjelde.
Også toppscorar Matthias Vilhjalmsson trur 32 poeng kan vere nok til å berge plassen i eliteserien.
– Det kan vere nok, men det kan også bli veldig tett. Vi må ha fleire poeng for vi ynskjer å sjå oppover på tabellen og ikkje berre snakke om nedrykk, seier han.
Spissen var skuffa etter uavgjort mot botnlaget i eliteserien.
– Det var ein skuffelse for oss. Vi gjekk for tre poeng. Vi har vore i god form i det siste. Vi var ikkje på same nivå i dag. Dette var ikkje godt nok, seier han.