– Dei vinn målsjansestatistikken 8-1. Det seier alt om Norge no, seier Thomas Frank, speidar for det danske landslaget.
– Blei du skremd?
– He-he, det blei eg ikkje, men eg synst dei leverte ein flott prestasjon mot eit godt lag som Tsjekkia, svarar Frank.
Farlege framover
Samstundes som Norge knuste Tsjekkia med solide 3-0, gjekk EM-kvalifiseringsrival Danmark på ein smell mot Skottland, og fekk det glatte lag av heimleg presse dagen derpå.
No skal Frank i møter med Danmarks landslagssjef for å fortelje kva utfordringar danskane har framfor den viktige EM-kvalifiseringskampen mot Drillos menn om ein knapp månad.
Og speidaren er imponert etter oppvisninga på Ullevaal onsdag.
– Dei klarar å halde Tsjekkia nede på ein målsjanse heile kampen. Vi veit jo at Norge er gode defensivt. Denne kampen var nok ei stadfesting på det.
Men det var ikkje bare godt spel bakover mot Tsjekkia i går. Også i angrepsspelet briljerte nordmennene til tider. Det la Frank godt merke til.
– Eg synst Norge prøvde å få til litt meir spel. Og spesielt når dei tar leiinga får dei det som dei vil, seier speidaren.
Moa og Carew - luksusproblem?
Med John Carew ute av spel fekk Mohammed Abdellaoue nok ein sjanse til å vise at han kan takle den store oppgåva som einsam spiss i ein 4-5-1 formasjon.
Men Carew skal vere i gong med eit intensivt treningsprogram for å komme tilbake i form i sin nye klubb West Ham.
I Danmark er landslaget bevisst på at begge kan vere ein trussel til det store slaget om Skandinavia i København 6. september.
– Begge er gode spelarar. Måten Norge speler på gjer Carew viktig. Men Moa er også ein dyktig spelar, seier Frank.
– Har Drillo eit luksusproblem?
– Det kjem an på kor dyktig Carew er, og kva form han kjem tilbake i, svarar Frank.
NRKs fotballekspert Knut Nesbø trur «Drillo» vil ta Carew med til Danmark uansett, sjølv om forma ikkje er optimal.
– Då får dei i alle fall noko å tenke på der nede, seier Nesbø.
– Det eg fortel Olsen er hemmeleg
Danmark har mykje å tenke på etter Norges bragd mot Tsjekkia.
Men kva den danske speidaren vil fortelje landslagssjef Morten Olsen før det brakar laus i Parken kan ikkje delast med nokon, og særleg ikkje med nordmenn.
– Det held vi bak lukka dører, seier Frank med eit lurt smil om munnen.