Dei siste dagane har det versert mange rykter om at skotten ville forlate klubben i løpet av denne veka.
Onsdag kom meldinga mange hadde venta på.
– Kenny vil alltid vere meir enn ein meisterskapsvinnande manager, og meir enn ein meisterskapsvinnande stjernespelar. Han er på mange måtar hjartet og sjela i klubben, seier Liverpool-eigar John Henry til klubbens heimeside.
– Han er bildet på alt det gode med Liverpool Football Club. Han har alltid sett klubben og supporterane først. Kenny vil alltid vere ein del av Anfield-familien, legg Henry til.
Men å vere ein god mann var tydeleg ikkje godt nok.
- Gjorde klubben rett med å sparke Kenny Dalglish? Sei meininga di nedst i saka!
«Vanskeleg avgjerd å ta»
Merseyside-klubben enda sundag sin svakaste sesong på 19 år med 1-0-tap for Swansea.
Etter kampen avviste Dalglish at han var på veg ut av klubben.
– Eg forventar at klubbens eigarar har meir integritet enn at dei trur på det avisene skriv, sa skotten aggresivt til BBC.
Men no er altså 61-åringen ferdig i klubben han har ei høg stjerne i.
– Kenny kom hit då klubben verkeleg trengte han. Han forlanga ikkje å bli manager, men vi ba han om å ta jobben. Han gjorde alt for å stabilisere klubben, og har fått oss til å sjå framover, seier styreformann Tom Werner, som hevdar at det var tøft å måtte sparke legenda.
– Vi skuldar han stor takk for dette, legg han inn.
Martinez inn?
Dalglish fekk manager-jobben i Liverpool i januar 2011.
Denne sesongen makta han bare å leie laget til ein 8. plass i serien.
Skotten førte klubben til ligacuptrofé tidlegare i år. Dei raude kom også til FA-cupfinalen i mai, men tapte då 2-1 for Chelsea.
Klubblegenda fekk 16 månader i jobben før han ga seg. Han leia også Liverpool frå 1985 til 1991.
Tidlegare i dag spekulerte Daily Mail i om Dalglish anten blei sparka eller fekk ei overordna rolle i klubben, og at Wigan-manager Roberto Martinez blir ny manager i Liverpool.
Også Sky Sports skriv i dag at han er den største favoritten til å overta.
Klubben sjølv melder at arbeidet med å finne ein ny sjef vil starte umiddelbart.