NRK Møre og Romsdal sender direkte frå Youngstorget laurdag frå klokka 13.30 til klokka 15.30.
– Vi skal formidle den magiske, blå stemninga som er på Youngstorget i Oslo denne cupfinalehelga, seier programleiar Rune Hustad.
Han lovar at det skal bli mange gjester i sendinga. Her skal vi få møte Åge Hareide, Andre Nevstad og Ørjan Liavåg, blant mange andre. Også NRK's eigen Arne Flatin skal vere med, mellom anna for å fortelje om den ærerike historia til Hødd.
– Det er ikkje alle som har høve til å vere til stades i Oslo denne helga. Men gjennom radioen skal vi forsøkje å formidle stemninga slik at lyttarane nesten skal kunne føle ho like godt som om dei var til stades her, lovar Rune Hustad.
Samstundes med at NRK Møre og Romsdal har sending frå Youngstorget, går det føre seg ei rekkje aktivitetar både i Sjøgata på Youngstorget, i Høddvoll-teltet og i Kjetil Hasund-teltet. Det store, gratis familieshowet, «Den blå timen», tek til klokka 15.00.