NRK Meny
Normal

Robin van Persie: - Dette blir ingen klassiker

– Det tette kampprogrammet kjem heilt klart til å prege denne kampen, seier Manchester Uniteds Robin van Persie framfor cup-omkampen mot Chelsea måndag.

Robin van Persie

– Ikkje vent at dagens kamp blir ein klassikar. Det tøffe kampprogrammet vil heilt sikkert spele inn, seier Robin van Persie

Foto: FADI AL-ASSAAD / Reuters

Klubbane har eigentleg ikkje tid til ein omkamp no. Begge var i aksjon i ligaen så seint som laurdag, og berre 48 timar seinare skal gigantane møtest på Stamford Bridge til kamp om ein plass i semifinalen i FA-cupen.

– Det er klart at dette får konsekvensar for kampen. Det er ingen grunn til å vente ein god kamp. Dette blir ingen klassikar, seier United-angripar Robin van Persie.

– Vanlegvis er det to dagar etter kamp at musklane er på sitt vondaste. Og no får vi ny kamp akkurat på det tidspunktet, seier van Persie.

Forsmedeleg Chelsea-tap

United kjem frå 1–0 over Sunderland borte, medan Chelsea laurdag gjekk på eit forsmedeleg 2-1-tap i Southampton. van Persie var mannen bak Uniteds sigersmål, sjølv om det vart klassifisert som sjølvmål av Sunderlands Titus Bramble.

– To kampar på 48 timar er noko eg aldri har vore med på før, og det gjeld vel dei fleste av oss, seier Uniteds nord-irske landslagsspelar Jonny Evans.

Grunnen til at kampen blir spela i dag, er at Chelsea på torsdag skal ut i kvartfinale i europaligaen.

Første kamp på Old Trafford 10. mars enda 2-2 . United leia 2–0 ved pause etter å ha køyrt over Chelsea i første omgang. Men Chelsea overtok kampen i andre omgang og klarte å utlikne. – Vi var alt i alt heldige, sa United-manager Alex Ferguson då.

No møtes dei igjen for å avgjere kven som skal møte Manchester City i semifinalen på Wembley 14. april.

Chelsea er FA-cup-laget framfor noko dei siste åra, og har vunne fire av dei seks siste finalane – seinast i fjor med 2–1 over Liverpool. United har ikkje vore i finalen sidan 2007 då dei tapte mot nettopp Chelsea. Dei har ikkje vunne sidan dei slo Millwall 3–0 i finalen i 2004.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.