Ein murstein knuste ei rute i Chelsea-bussen før oppgjeret mellom West Ham og dei regjerande ligameistrane onsdag.
- Det small noko fryktelig, vindauget knuste. Heldigvis vart ingen skadd, fortel Frank Lampard til BBC.
London- oppgjeret skapte sterke følelsar for heime-tilhengarane, som støttar ein klubb som står i fare for å rykke ned frå Premier League.
Likar hetsen
Frank Lampard vart óg hetsa kvar gang han var nær ballen ute på Upton Park, utan at det skremte landslagsspelaren.
- Det gjer meg ingenting, det er faktisk inspirerande. Eg likar at følelsane er sterke rundt eit slikt oppgjer og eg ber ikkje nag til West Ham, avsluttar Lampard.
Torpederte West Ham
Shaun Wright-Phillips scora sine to første mål i Premier League for Chelsea. Salomon Kalou og Didier Drogba sette dei siste to torpedoane i den synkande West Ham-skuta. Carlos Tevez ordna heimelaget sitt einaste mål, kampen endte 4-1 til Chelsea.
West Ham ligg nest sist i den engelske toppserien og har fem poeng opp til sikker plass. Chelsea er nummer to i serien, tre poeng bak Manchester United. Dei to tetlaga barkar saman 9. mai på Stamford Bridge.