NRK Meny
Normal

Cecilie Pedersen til Arna Bjørnar

Cecilie Pedersen er klar for Arna Bjørnar etter at klubbane vart samde om overgangen torsdag kveld.

Cecilie Pedersen

Cecilie Pedersen er endeleg klar for Arna Bjørnar og Toppserien

Foto: Aimo-Koivisto, Antti / Scanpix

Avtalen inneber at Cecilie Pedersen kan få spele på toppserienivå frå og med 2011, melder klubbane Avaldsnes og Arna Bjørnar i ei felles pressemelding.

- No er eg glad. Det er greit å ha det avklart, og eg gleder meg til å begynne å trene med den klubben eg ønskjer å spele i, seier Pedersen til NRK.

Overgangen for Pedersen har den siste månaden vore uavklart, men den er no endeleg i orden. Klubbane er samde om å ikkje seie noko om overgangsvilkåra. Men to bedrifter i Haugesund har stilt opp med pengar for å hjelpe til med å løyse saka.

- Ei tøff tid

- Det har vore slitsamt, både på kroppen og i hovudet. Eg har ikkje alltid orka å gå på trening, det har vore ei tøff tid. Det er godt det er over, seier Cecilie Pedersen, som skal på landslagssamling i neste veke.

Cecilie Pedersen har hitil spela på Avaldsnes i 2. divisjon, og var den store overraskinga i EM-troppen i 2009, og ho vart matchvinnar mot Island i det meisterskapet. Seinare same året vann ho norsk fotballs gjevaste pris, Gullballen .

Opprykk med gamleklubben

I fjor haust var ho med og spela Avaldsnes opp til 1. divisjon.

Men nyleg sa 20-åringen at ho var så lei av spekulasjonane omkring overgangen at ho var nær ved å leggje opp som fotballspelar.

Eksterne aktørar

Dagleg leiar Norvald Kalheim i Avaldsnes er også glad for at saka er løyst. Han stadfester at det har kome eksterne aktørar på banen.

- Men vi har bestemt oss for å ikkje seie noko om kva dei har bidratt med, seier Kalheim.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia