Den tidlegare Manchester United-stjerna fortalde dette til fransk radio i dag. Han er i ferd med å organisere dette med styresmaktene i Marseille.
– Dersom ein gir husrom til folk som ikkje har rett til å arbeide, må dei ha hjelp til mat også, sa Cantona, som har blitt 49 år.
Han er i ferd med å leige eit hus med hage, og å gi flyktningar mat for ein periode på minst to år.
Cantona fortalde også at det var historia til besteforeldra på morssida som hadde inspirert han til å ta dette initiativet.
– Dei var spanske republikanarar som måtte rømme under borgarkrigen. Dei kryssa Pyreneane til fots, fortalde Cantona.
Den spanske borgarkrigen varte frå 1936 til 1939 og enda med at general Franco slo republikanarane og tok makta. Han skulle kome til å styre Spania heilt fram til 1975.
– Det er heilt klart ein grunn til at eg no vil hjelpe flyktningar, sa Cantona.
For eit par veker sidan gjekk den engasjerte franskmannen ut og oppfordra alle 65 millionar franskmenn om å ta imot flyktningar, og fordømte dei som «stengjer grensene og ser på at folk døyr».
Eric Cantona var Uniteds kanskje mest profilerte spelar på laget som dominerte Premier League på 90-talet. Han spela for klubben frå 1992 til 1997.
Sidan han la støvlane på hylla har han bygt seg opp ein karriere som skodespelar. I desse dagar spelar han i stykket «Victor» på eit teater i Paris. Han skal også spele hovudrolla i «Rois du Monde» (Kongen av Verden), som har premiere i morgon.