John Carew blir hylla før EM-kvalifiseringskampen mot Malta laurdag. Fabio Cannavaro tykkjer nordmannen er den motspelaren som har gitt italienaren mest smerte på bana.
- Det er hyggeleg å høyre. Han er ein av dei enklaste eg har møtt, seier Carew til NRK, med eit smil om munnen.
Det er i juni- utgåva av UEFA sitt offisielle meisterligamagasin Carew blir hylla av Cannavaro. Midtstopparen hugsar tydlegvis korleis Carew snurra rundt med han då Lyon møtte Real Madrid i fjor haust.
- Eg kunne gjere stort sett som eg ville den dagen. Det er utruleg gøy å oppleve slike kampar på fotballbana.
- Er det den beste kampen du har spelt?
- Det er blant dei tre beste kampane eg har spelt, konkluderar Aston Villa- spissen.
Carew trekk fram ein tidlegare kollega frå Valencia, når han skal skildre sin tøffaste motstandar.
- Roberto Ayala i Valencia er den tøffaste midtstopparen eg har møtt. Heldigvis har eg berre spelt mot han på trening, avsluttar Carew.