Hopp til innhold

Best i verda – men med «feil» hudfarge

Han var truleg den beste spelaren i verda i si tid, men han var ikkje heilt kvit. Derfor fekk aldri Brasils første farga toppspelar den suksessen han fortente.

Arthur Friedenreich

Arthur Friedenreich – den første farga spelaren i Brasiliansk fotball, og kanskje den beste spelaren i verda i si tid

Laster innhold, vennligst vent..

Arthur Friedenreich spela Brasils aller første landskamp. Han scora truleg fleire mål enn Pele, og hadde ein toppfotball-karriere som varte i 26 år.

Den nesten kvite tysk-afrikanaren skulle bli den første farga fotballstjerna i verda, og står som eit ikon for brasiliansk fotball tidleg i det førre hundreåret. «El Tigre» imponerte alle som såg han, trass i at han var farga og deltok i ein idrett som i praksis var berre for kvite i Brasil.

Fotballen i Sør-Amerika var importert av europeiske innvandrarar på slutten av 1800-talet. Skotten Thomas Donohue og engelskmannen Charles William Miller var pionerane i innføringa av den nye idretten, og første fotballkampen i det veldige landet vart spela i 1894.

Fotballrasisme sett i system

Fotballen i Brasil var fødd arrogant og hovmodig, eit symbol på ekstrem ekskludering

Rogerio Daflon og Teo Balive, universitetsstudie om rase og klasse i brasiliansk fotball

Men den importerte fotballen var også ein idrett nesten eksklusivt for den kvite overklassen. Folk med annan hudfarge var ikkje velkomne, og mange talent måtte gi opp fordi dei ikkje fekk lov å vere medlem i nokon klubb.

Rasismen hadde gode vilkår i den tidlegare portugisiske kolonien Brasil. «Fotballen i Brasil var fødd arrogant og hovmodig, eit symbol på ekstrem ekskludering», skriv Rogerio Daflon og Teo Balive i ein universitetsstudie om rase og klasse i brasiliansk fotball.

Far til Arthur Friedenreich, Oscar, var ein tysk forretningsmann. Mor Mathilde var vaskehjelp og dotter av afrikanske frigitte slavar. Arthur vart derfor definert som «blandingsrase», og det var på feil side av raseskiljet i det svært sosialt lagdelte landet.

Han var fødd i São Paulo, på hjørnet av gatene Vitoria (siger) og Triunfo (triumf). Med eit slikt utgangspunkt var det kanskje ikkje rart at han skulle få suksess.

Begynte i innvandrarklubb

Det var nok hans tyske far som var årsaka til at unge Arthur trass alt fekk lov å spele for ein fotballklubb. Han debuterte på seniorplan for SC Germania, ein klubb stifta av tyske emigrantar.

Arthur Friedenreich

1329 mål på 24 sesongar skal Friedenreich ha scora, ifølgje uoffisielle statistikkar. Det er omtrent eit mål i veka, og derfor fekk han tilnamnet El Tigre

Det hjelpte også at han var lys i huda trass sitt mørke opphav på morssida. Og for å skjule sin farga bakgrunn endå litt meir, brukte han timar før kvar kamp på å glatte ut det krusa håret sitt med olje og krem.

Han sat i garderoben så lenge han kunne, med handduk i håret. Like før avspark, tok han handduken av seg og gjekk ut.

For i dei fleste tidlege fotballklubbane var det ikkje lov med anna enn spelarar av kvit avstamming. Men etter kvart som fotballen også vart populær i lågare sosiale delar av samfunnet, der folk av annan hudfarge heldt til, blei det vanskelegare for klubbane å seie nei til dei gode talenta.

Og unge Arthur var så avgjort i kategorien gode talent. Frå tidleg i tenåra viste han klasse som få andre.

«Kongen over alle kongar»

Arthur Friedenreich

Her møter Paulistano Stade Francais på Europa-turneen i 1925. Friedenreich (i midten i kvit drakt) vart omtala som «konge over alle kongar i fotball». i fransk presse under denne turneen

Det tok ikkje lang tid før agentar og større klubbar la merke til 17-åringens uvanlege talent med fart, styrke og teknikk som overgjekk dei fleste. Og ikkje minst hans «never say die»-haldning. Han vart nokså raskt den første farga spelaren i den brasilianske ligaen.

Dei neste fire åra spela han for fire ulike klubbar, før han kom til Paulistano, der han var i 12 år.

I løpet av 17 år, frå 1912 til 1929, vart han toppscorar i São Paulo-ligaen åtte gonger. Ikkje eingong Pele klarte noko liknande. Det gjorde han til ein av Brasils mest populære personar, også i dei klassene som elles ikkje tolte folk med annan hudfarge enn kvit.

Fordi han var så dyktig, kunne han heve seg over raseskiljet. Han var den einaste på laget som ikkje var kvit. «Den grønaugde mulatt-dansaren» – som han var kalla i fleire aviser, dansa over grasteppet som om han var koreografert.

I 1925 var han med Paulistano som var den første klubben frå Brasil som reiste på turne i Europa. Dei spela ti kampar, dei fleste mot franske lag. Der imponerte Friedenreich så stort at han vart kalla «konge over alle kongar i fotball».

Fekk ikkje feste med lagkameratane

Men han fekk likevel merke rasemotstanden på kroppen. Sjølv med den populariteten han oppnådde, fekk han ikkje symje, spele tennis, handle, gå på restaurant eller feste med dei kvite lagkameratane. Karakteristikkane han kunne få frå motstandarane, var både harde og ufyselege.

Han fekk plass på Brasils landslag som spela sin aller første internasjonale kamp. Det var i 1914, og motstandar var det engelske klubblaget Exeter. Der fekk han slått ut framtennene i ein kollisjon, men fullførte kampen.

Han blei etter kvart superstjerne i brasiliansk fotball, og han var nok også den første som spela slik vi ventar å sjå brasiliansk fotball: Rask, teknisk og underhaldande. Og offensiv. Truleg var han den beste spelaren i verda i åra etter første verdskrig.

Vraka fordi han var farga

Brasil 1919

Brasil stiller opp til finale mot Uruguay i Copa America i 1919

Likevel fekk han berre 22 landskampar. Men han var med på å vinne Copa America – største fotballturneringa i verda på den tid – i 1919 og 1922, og scora ti mål på dei to turneringane.

I Rio i 1919 scora han målet då Brasil slo Uruguay 1–0 i finalen. Det var truleg høgdepunktet for Friedenreich, som då var 27 år. Fotballstøvelen som scora målet, vart i dei neste dagane plassert i utstillingsvindauga til ein juvélbutikk i Rio.

Men i det neste Copa America blei Arthur Friedenreich mint på at han trass alt ikkje hadde «rett» hudfarge. Turneringa gjekk i Argentina, og der var rasismen om mogeleg endå sterkare enn i Brasil.

Det vart bestemt av sjølvaste presidenten i Brasil at landslaget berre skulle ha kvite spelarar. Det hjelpte ikkje å vere best i verda, Arthur Friedenreich måtte vere heime.

Reaksjonane var sterke, og historiebøkene slår fast at denne hendinga var sterkt medverkande til at haldinga til rasediskrimineringa etter kvart tok til å snu.

Mista Uruguay-VM etter maktkamp

Friedenreichs klubb Paulistano vart invitert til kampar og turneringar over heile Sør-Amerika, og var også den første brasilianske som reiste på turné til Europa. På Europa-turneen scora Friedenreich 11 mål på åtte kampar.

I 1930 var han blitt 38 år, men var likevel god nok til å bli med i Brasils tropp til det aller første fotball-VM, i nabolandet Uruguay.

Men dit kom han aldri. Ein maktkamp mellom fotballen i São Paulo og Rio de Janeiro enda med at heile troppen var henta frå klubbar i Rio-området. Dermed vart det aldri noko VM for Friedenreich.

I neste VM, i 1934, var han 42 år, og for gammal til å bli tatt ut i VM-troppen. Han la opp året etter.

Gav premiane til revolusjonen

Men rik vart han ikkje. Brasiliansk fotball var amatørfotball fram til 1918, og inntektene var ikkje kolossale etter at han vart profesjonell heller. Og det han tente, brukte han. Han skal ha hatt 120 dressar i garderoben, han drakk dyrt øl og importert fransk konjakk, og han var ingen ukjend figur i nattklubbane i Rio og São Paulo.

Og han vart ikkje rikare av at han i 1932 gav alle trofea, medaljane og premiane sine til opprørarane i São Paulo. «Revolucao Constitucionalista» var opprør mot militærregimet som hadde teke makta i Brasil to år tidlegare. Han deltok også i opprøret sjølv.

Uvisst kor mange mål han scora

Ingen veit kor mange mål Arthur Friedenreich scora i sin karriere. Ein statistikk seier 1329 mål i 1239 kampar, andre seier 1239 på 1329 kampar. Statstikkane frå kampane på den tida er uansett lite pålitelege. Dersom 1329 er rett, svarar til det omtrent eit mål i veka gjennom heile den 26 år lange karrieren.

Då reporterane frå aviser og tv mange år seinare tok til å forstå kva for legende Fridenreich var, og spora han opp for å intervjue han, kunne han ikkje svare for detaljar frå karrieren. Han hadde fått Alzheimer på sine gamle dagar.

Og då han døydde i 1969, 77 år gammal, hugsa han ikkje eingong at han hadde vore fotballspelar.

Friedenreich var ei «gløymt» fotballstjerne etter at han la opp. Men ettermælet hans tildeler han likevel ein stor del av æra for at raseskiljet i fotballen vart redusert, og at farga spelarar også skulle få delta.

Vasco da Gamas utestenging

Vasco da Gama 1934

Dette er Vasco da Gama-laget som vart utestengde frå ligaen fordi dei brukte farga spelarar

Men vel så betydningsfullt for fotballrasismen var Rio-klubben Vasco da Gama. Dei rykka opp i øvste nasjonale liga i 1923 med fleire blanda og mørkhuda spelarar. Ligaen nekta klubben å spele før dei hadde kvitta seg med desse spelarane, og aristokratiske storklubbar som Fluminense, Flamengo og Botafago nekta å møte Vasco før spelarane var ute av klubben.

Vasco da Gama vart utestengd den sesongen. Men episoden skapte så stor uro at klubben fekk kome tilbake året etter, med sine farga spelarar.

Fotball

  • Wrexham skylder kjendiseierne over hundre millioner

    League Two-klubben Wrexham, som eies av skuespillerne Ryan Reynolds og Rob McElhenney, skylder eierne rundt 9 millioner pund, opplyser klubben. Det tilsvarer drøyt 120 millioner kroner.

    Klubben holder til i Wales og ble kjøpt av skuespillerduoen i 2021. Siden fulgte en sportslig opptur, og laget blir fulgt i den Emmy-vinnende dokumentarserien «Welcome to Wrexham».

    Laget tapte semifinalen i opprykkskvalifiseringen i sesongen 2021/22, men rykket opp til League Two året etter. I skrivende stund ligger Wrexham på tredjeplass, med gode muligheter for å nå minst kvalifisering til League One, tredje nivå i engelsk fotball.

    Torsdag la klubben fram regnskapet for budsjettåret som sluttet i juni 2023. Der går det fram at klubbens omsetning har økt med 75 prosent til rundt 10,5 millioner pund fra 6 millioner pund, men at underskuddet samtidig vokste fra 2,9 millioner til 5,1 millioner pund.

    – Klubben er ikke under noe umiddelbart press for å tilbakebetale lånene på bekostning av framgangen vi ønsker å oppnå, skriver klubben.

    Videre opplyses det at det vil hentes inn ytterligere midler for å støtte opp om framtidige prosjekter.

    (NTB)

    QxUVtmMA_7A
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters
  • Tonali siktet for ytterligere 50 brudd på gamblingreglene

    Det engelske fotballforbundet (FA) har siktet Newcastle-spiller Sandro Tonali for 50 brudd på Premier Leagues gamblingregler i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor.

    Det skriver FA i en pressemelding torsdag. Tonali har fram til 5. april på å respondere på siktelsen.

    Newcastle skriver i en melding på egne hjemmesider at de er gjort kjent med siktelsen. De skriver at Tonali har klubbens fulle støtte i etterforskningen. Utover det ønsker verken Newcastle eller Tonali å kommentere saken.

    I oktober i fjor ble italieneren utestengt fra all internasjonal fotball i ti måneder for brudd på gamblingreglene i Italia. Han ble hentet til Premier League fra Milan sommeren 2023.

    FA mener at Tonali satset penger på fotballkamper 50 ganger i perioden fra nettopp Premier League-åpningen og fram til 12. oktober, samme dag som han ble avhørt om regelbruddene fra italiensk fotball.

    Hans foreløpig siste opptreden i Newcastle-drakten kom hjemme mot Borussia Dortmund i Champions League 25. oktober. Da fikk han 25 minutter som innbytter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Crystal Palace
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • KFUM henter angrepsspiller fra Åsane

    Mame Mor Ndiaye (26) forlater Bergen og Åsane til fordel for nyopprykkede KFUM Oslo, melder BA. Sist sesong gjorde han ni mål i 1. divisjon.

    Ndiaye bekrefter selv til Bergensavisen at overgangen er i boks.

    – Det er vondt å dra fra klubben nå, men det er dette jeg har jobbet for å få til. Ønsket mitt har hele tiden vært å få sjansen i eliteserien, forteller 26-åringen til BA.

    (NTB)

    FOmDNHw_B34
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Guro Reiten
Champions League - Round of 16 - Second Leg - Borussia Dortmund v PSV Eindhoven
Terland