Standig får ein, som såkalla ekspert, telefonar frå journalistar som lurer på om eg meinar at den og den trenaren bør gå.
Populistisk er det rett å svare ja, dersom ein kun ser på tabellplassering. Og la det vere sagt med ein gong: Til slutt er det tabellplasseringa som avgjer kor suksessrik du er som trenar. Dersom ikkje den stemmer, kan du sette igong så mange prosessar du berre vil.
Bør til dømes Kjetil Rekdal gå?
Svaret mitt er nei!
Har han gjort Vålerenga betre dette året?
Svarte mitt er nei?
Har han kjøpt inn dei rette spelarane?
Svaret mitt er nei. Han har kjøpt for mange like midtbanespelarar, og ikkje lukkast med å hente inn ein god spiss.
Så då bør han gå likevel, då?
Eg meiner framleis nei. Ein ny trenar vil trenge meir tid på å kjenne laget, han vil ikkje klare å trylle tre midtbanespelarar om til ein målfarleg spiss. Eg trur framleis Vålerenga minst vil klare kvalik, å hente inn ein ny trenar vil lage for mykje bråk i Vålerenga. Det har dei ikkje tid til.
PS! Det fungerte i Tromsø vil du seie. Ja, dei henta inn Terje Skarsfjord – men, det var han som bygde opp klubben – det personen finn ein ikkje i Vålerenga – systemet. Dessverre.