Det er avisa
som melder dette i dag. Dei siterer kjelder som slår fast at raskaste mannen i verda skal spele i Rio Ferdiand sin testimonialkamp mot Sevilla fredag 9. august.– Dermed har Usain endeleg fått sin vilje gjennom, seier kjelda.
Manchester United har sjølv ikkje stadfesta dette.
Bolt er United-supporter, og allereie i fjor var det snakk om at han skulle
Det vart det ingenting av, men no skal det visstnok vere klart.Rio Ferdiand får sin testimonial etter 10 år for United. Han har tidlegare gitt uttrykk for at det hadde vore moro å spele saman med Bolt, og Bolt har teke utfordringa.
– Eg kunne noko tilført laget noko. Eg hadde vore lagets raskaste spelar, men eg kan spele også, sa Bolt i fjor.
Skal ikkje spele spiss
Han skal ifølgje rapportane ikkje spele spiss, men spele saman med Rio Ferdinand i forsvaret frå kampstart. Samspelet dei to kameratane imellom blir dermed sett på prøve mot det spanske La Liga-laget. Og er pasningar og mottak i klasse med Bolts tempo?
Ifølgje Sunday Sun var ikkje Uniteds nye manager David Moyes serleg glad for innspelet, men har late seg overtale av Usain Bolt og Rio Ferdinand.
Bolt er i VM-form,
fredag.Men 9. august er dagen før friidretts-VM opnar i Moskva, og dei innleiande rundane på 100-meteren står på VM-programmet første dagen.
Det kan by på utfordringar dersom Bolt skulle få ein strekk eller trakke over på Old Trafford...
PS: Testimonialkamp er ein kamp til ære for ein spelar som takk for lang og tru teneste i klubben. Spelaren får heile overskotet av kampen.