NRK Meny
Normal

Bohinen: – Knalltøff læring for meg

Etter fem strake tap vedgår Lars Bohinen at livet i eliteserien er eit sjokk samanlikna med 1. divisjon i fjor. No blir Sandefjord kanskje meir kyniske.

Lars Bohinen

Sandefjord-trenar Lars Bohinen gjekk på sitt femte strake tap mot Bob Bradley og Stabæk på onsdag. No vedgår Bohinen at klubben er inne i ein knalltøff periode.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Akkurat no bles det ganske hardt rett mot oss, seier Sandefjord-trenaren til NRK.

Onsdag blei det eit audmjukande 4-0-tap borte mot Stabæk.

Etter ein brukbar start på sesongen, er det blitt nederlag for Strømsgodset, Viking, Haugesund, Aalesund og Stabæk i dei fem siste kampane.

– Det gjer sjølvsagt vondt.

– Og det er ein utruleg vond periode for oss. Eg føler vi blir straffa veldig hardt i eliteserien samanlikna med i 1. divisjon. Vi slepp ikkje unna med noko som helst. Alt buttar i mot. Situasjonar på bana som går i mot, gjekk for oss i fjor. Så det er knalltøff læring for både meg og spelarane, seier Bohinen.

(Artikkelen held fram under bildet)

Lars Bohinen

Lars Bohinen og Sandefjord møter Rosenborg på Lerkendal 16. mai. No vedgår 45-åringen at han kanskje må bli meir kynisk og dreie bort frå ein meir ballbesittande fotballfilosofi.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Endrar kanskje stil

Den tidlegare landslagsspelaren fekk mykje skryt etter å ta tatt Sandefjord til seriegull og opprykk.

Før det trente han Asker med suksess i 2. divisjon.

Men no møter den ferske trenaren motgang for aller første gang.

Vi er sårbare. Det er kun gode prestasjonar og resultater som kan gje oss sjølvtillit. Per i dag er vi ikkje betre, men vi har utviklingsmulegheiter, seier Bohinen.

45-åringen står for ein ballbesittande fotballfilosofi. Men vedgår at han kanskje må gå til det tunge skrittet å innføre meir kynisme i laget.

– Det er eitt av spørsmåla eg ønskjer å stille spelarane. Korleis ønskjer dei at vi skal framstå?

– Vi har ein måte å spele fotball på. Spørsmålet er om vi skal gå bort frå den stilen, eller spele vidare med det vi trur på, seier Bohinen.

Føler du at du må inngå eit kompromiss med det du sjølv står for som trenar?

– Ja, det er heilt naturleg at eg må, spørsmålet er kor langt eg er villig til å gå, seier Sandefjord-trenaren.

Sandefjord

Ikkje akkurat lystig i Sandefjord-leiren for tida. Klubben gjekk onsdag på sitt femte strake tap i eliteserien mot Stabæk onsdag.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Tru og håp

Og klubben kunne kanskje ikkje fått ein verre motstandar enn Rosenborg på fotballens festdag i morgon.

16. mai ventar revansjesugne trønderar heime på Lerkendal etter sjokktapet (3-2) mot Mjøndalen på onsdag.

– Mjøndalen klarar å slå Rosenborg, og Lillestrøm klarar å slå Molde, så det vil alltid vere moglegheiter.

– Vi gjev på ingen måte opp. Vi skal reise opp dit med tru og håp. Vi skal vere samla og sjølvsagt gjere alt vi kan, seier Lars Bohinen.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.