Klubben stadfestar til NRK at skattemyndigheitene kjem til Bodø onsdag.
– Vi har blitt kontakta fordi skattemyndigheitene vil ha ein med begrensa kontroll i samband med dei estiske spelarane vi har og har hatt. Skattemyndigheitene ønsker ein del informasjon og vil ha dokumentasjon rundt avtalane til desse spelarane, seier dagleg leiar i Bodø/Glimt, Bjørn Tore Hansen.
Klubben har i dag keeper Pavel Londak frå Estland i troppen. Tidlegare i år løyste dei forsvarsspelar Ale Bärengrub frå kontrakten eitt år før tida. Også han har estisk statsborgarskap.
Bodø/Glimt er den tredje klubben skattemyndigheitene vil etterforske etter at Piiroja-saka blei politimeldt i slutten av november.
Hønefoss blir etterforska
I førre månad opna skattemyndigheitene for å etterforske fleire norske klubbar for skattejuks i kjølvatnet av Raio Piiroja-saka i Fredrikstad Fotballklubb.
Piiroja er mistenkt for å skjule løn frå Fredrikstad gjennom eit estisk agentselskap for å unngå å betale skatt.
Fleire av klubbane i landet har eller har hatt estiske spelarar på lønslista.
– Om vi får opplysingar om at det blir gjort på liknande måtar i andre klubbar, så er det interessant for oss, sa leiar for skattekrimavdelinga i Skatt Øst, Jan Egil Kristiansen til NRK.no tidlegare i haust.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Gjennomfører kontrollar i klubbar som kan vere i FFKs situasjon
No skal også Bodø/Glimts avtalar under lupen.
– Det vil føregå ein kontroll i form av vi stiller klubben ein del spørsmål, og at vi får sjå aktuelt rekneskapsmateriale for å vurdere kva som har skjedd i desse tilfella, seier Kristiansen til NRK.no.
– Kva vil de sjå nærare på?
– Vi ønsker ikkje å gå nærare inn på kva vi vil gjere. Vi stadfestar bare at vi gjennomfører kontrollar i klubbar som kan vere i samme situasjon som Fredrikstad Fotballklubb, seier Kristiansen.
Hansen: – Fryktar ikkje kontroll
Førstedivisjonsklubben frå Nordland fryktar ikkje at det skal skje med dei som med Fredrikstad i Piiroja-saka.
– Når vi driv næringsverksemd kan vi ikkje frykte slike kontrollar. Vi vil legge fram fakta og all dokumentasjon som krevst om overgangen, seier Hansen.
Det er skattekrimavdelinga i Skatt Øst som gjennomfører etterforskinga i både Hønefoss og Bodø/Glimt.
– Er det grunnlag for å tru at at det har skjedd liknande lovbrot som i Fredrikstad?
– Det er det vi ønsker å undersøke. Har det skjedd noko vil vi ta det opp med kvar enkelt klubb. Vi vil også vurdere om det samme har skjedd med spelarar i andre land dersom det skal komme fram opplysningar om det, seier Kristiansen.