NRK Meny
Normal

Boca til finalen

Boca Juniors innfridde favorittstempelet og tok seg til finalen i klubb-VM i fotball med 1-0 over Etoile Sahel frå Tunisia i semifinalen.

Boca Juniors jublar for VM-finale
Foto: Koji Sasahara / AP

Midtbanespelaren Neri Cardozo scora målet etter 37 minutt.

Etoile hadde ein gigantsjanse rett etter pause, men skapte elles lite. Ikkje eingong etter at Bocas Fabian Vargas vart utvist midt i andre omgang klarte tunisiarane å skape stort. Tvert i mot var det det Boca som var nærmast scoring

 

AC Milan og Urawa Red Diamonds møtest i den andre semifinalen torsdag.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.