Hopp til innhold

Såg Port Said-tragedien på nært hald: - Det var ein massakre

Stabæks nye trenar Bob Bradley fortalde sterkt frå si tid som egyptisk landslagstrenar då han fredag vart presentert.

Amerikanaren Bob Bradley er ny trener for eliteserieklubben Stabæk. Her uttaler han seg på en pressekonferanse tidligere i dag.

Slik presenterte Bob Bradley seg som Stabæks nye trenar

Han opplevde fotballtragedien i Port Said 1. februar 2012 frå tribunen – ein tragedie han kallar ein massakre.

– Det var meir enn tribune-uro, det hadde klare politiske overtonar. Det var ein massakre, sa Bradley om det som skjedde framfor augo på han og spelarane i den egyptiske hamnebyen.

74 menneske mista livet i kampen mellom klubbane Al-Masry and Al Ahly i Port Said .

Fotballvold

Fleire av Egypts landslagsspelarar var på bana då publikum i Port Said gjekk amok, og over 70 menneske mista livet

Foto: REUTERS TV / Reuters

– Al Ahly er den største klubben i Egypt, og mange av spelarane der var landslagsspelarar. Vi jobba mykje i ettertid med det vi opplevde den dagen, og både eg og spelarane vart sterkare av det, fortalde Bradley på pressekonferansen.

– Det måtte vi. Vi måtte finne ein måte å vere eit lag på. Dei fire første månadene etterpå var tøffe. Men spelarane var utrulege, og deira respons på det dei hadde opplevd, var til stor inspirasjon for oss andre rundt laget, seier han.

Tragedien førte til at den egyptiske ligaen var suspender for resten av sesongen. Bradley stod dermed med eit landslag utan løpande aktivitet i sin heimlege liga.

– Utruleg positive år i Egypt

Hans oppgåve var å få Egypt til VM i Brasil. Det heldt nesten, men i omspelet tapte dei for Ghana.

– Det var irriterande å vere så nær og ikkje klare det, etter måten vi takla uroa på, seier Bob Bradley.

– Mine to år i Egypt var utrulege positive. Vi visste at Egypt var inne i ein historisk periode då vi reiste dit, og vi visste at det ville by på heilt spesielle utfordringar. fortalde Bradley.

Han kom til landet rett etter revolusjonen og uroa på Tahrir-plassen i Kairo. Like fullt fekk han ro til å jobbe med laget fram til tragedian i Port Said.

– Ingen av oss kunne føresjå det.

Frå Egypt til Stabæk

Bob Bradley

Dette er Stabæks nye trenar: Bob Bradley

Foto: Ahmed Gomaa / Ap

No er Bob Bradley ny trenar for eliteserieklubben Stabæk. Det stadfesta Stabæk sjølv i dag. Han har signert ein toårsavtale.

Stabæk har vore i samtaler med Stabæk sidan november , og avtalen vart klar i går.

– Men vi er ikkje villmenn ved å signere denne avtalen. Vi er innanfor budsjettet vårt, sa Stabæk-leiar Espen Moe.

Bradley (55) var landslagssjef for USA frå 2006 til 2010, då han leia dei i VM i Sør-Afrika. Etter det hadde han tilsvarande jobb for Egypt i VM-kvaliken til Brasil-VM. Der kom Egypt til den avgjerande playoffen, men tapte for Ghana. Egypt vann likevel 67 prosent av kampane dei spela under Bradley.

– Dette betyr enormt mykje. Det er så stort for Stabæk at vi nesten ikkje kan førestille oss det. Hans jobb som landslagstrenar er heilt enorm. Det han fortel om jobben i Egypt, er heilt enormt, seier Stabæks sportsdirektør Inge Andre Olsen til NRK.

– Vi har satsa høgt og lykkast. No er det mykje kjensler og stor glede.

Skal bruke Bradleys nettverk

– Kva betyr dette for å få nye spelarar?

– Det betyr mykje. Vi har satsa på eigenutvikling, og har eit ungt lag. Men vi må likevel hente fleire spelarar. No skal Bobs nettverk dragast inn for å forsterke laget, seier Olsen.

– Bob er amerikanar, han tenkjer stort. Han har gjort god research før han sa ja til jobben. Han har sett potensialet som ligg her. No skal han byggje eit sterkt lag, seier Inge Andre Olsen.

Kjende til Stabæk frå før

Stabæk rykka opp frå 1. divisjon til eliteserien i haust. Då var Petter Belsvik trenar, men han slutta etter sesongen.

– Eg visste litt om Stabæk frå før. Då eg leia USA, hadde vi spelarar frå Noreg. Dei følgde eg opp, og lærte derfor litt om norsk fotball, sa Bradley på pressekonferansen.

Han hadde lagt merke til Stabæks "hårete mål" frå nokre år tilbake, og lika det.

– Vi veit at storleiken på klubben ikkje treng vere det viktigaste. det viktige er at arbeidet er gjort på rett måte. Det finst nok av døme på store klubbar som gjer det meste feil, sa han.

Dei sterkaste står att

Han nemnde spesielt det som skjedde etter at Stabæk vart seriemeister i 2008.

– Deretter møtte klubben ulike hinder. Då vart mange folk i og rundt klubben borte. Men dei som vart att, reiste seg sterkare enn før. Det er nokon av dei eg har møtt her no, sa Bradley.

– Stabæk har alltid hatt idear om korleis fotball skal spelast. Eg trur på lag som vil underhalde og som likar å spele fotball. Og eg trur på spelarar som veit dei representerer noko som er større enn dei sjølve når dei spelar, sa Bradley.

– Det er denne mentaliteten eg likar, og som eg vil prøve å dyrke. Eg vil oppmuntre spelarane til å spele på ein måte dei likar og kan nyte, la han til.

Ser fram til å bli klubbtrenar igjen

Han ser fram til å kome tilbake til ein jobb som klubbtrenar etter mange år som landslagstrenar.

– I ein klubb har du spelargruppa til stades heile tida, og du møter dei på treningsfeltet kvar einaste dag. Du har mange kampar som kjem tett. Det er noko heilt anna enn eit landslag, og no ser eg fram til å trene ein klubb igjen, seier Bradley.

Bradley er far til Michael Bradley, som har 80 landskampar for USA, og som no spelar i Roma i Italia.

Fotball

  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden