NRK Meny
Normal

Blir etterforska etter nazi-rop

FIFA vil etterforske kroaten Josip Simunic som i jubelen for VM-plass kommuniserte med publikum på same måte som nazistane gjorde under den andre verdskrigen.

FIFA skal granske saken.

Simunic med nazi-helsing til publikum etter Kroatias seier

Rett etter at Kroatia hadde slått Island 2–0 og sikra seg plass i fotball-VM i Brasil tysdag, sprang Simunic mot eine sida av tribunen med ein mikrofon i handa.

– Za Dom (for fedrelandet) ropa han fire gonger, og fekk svar frå publikum kvar gong: – Spremni (klare).

Dette er akkurat det same ropet som Ustasja-regimet brukte under krigen. Ustasja var den nazist-vennlege organisasjonen som stod i spissen for ein sjølvstendig kroatisk stat i det som då var Jugoslavia.

Medlemmer av Ustasja drap hundretusenvis av serbarar, jødar, sigøynarar og antifascistar under krigen.

Avviser politisk innhald

Den 35 år gamle kroaten nektar for at det han gjorde, hadde noko form for politisk innhald.

– Eg jubla berre fordi Kroatia hadde kvalifisert seg til VM, og kjærleiken til landet mitt. Om nokon har noko imot det, er det deira problem, sa Simunic etterpå.

– Som ein kroat som er fødd og oppvaksen i utlandet, assossierer eg heim med kjærleik, varme og positiv kamp - alt det vi viste ute på bana då vi sikra VM-billetten.

– At nokon kan assosiere meg med noko slags hat og vald skremmer meg, la han til.

Men FIFA vil likevel granske saka nærmare. Også publikums oppførsel skal granskast.

Straffa tidlegare

Det kroatiske fotballforbundet har fleire gonger fordømt nazi-helsingar og bruk av Ustasja-helsingar under fotballkampar.

FIFA har også tidlegare bøtlagt Kroatias fotballforbund for rasistisk oppførsel av publikum.

Så seint som tidlegare denne månaden fekk Kroatia ei bot på nærmare 250.000 kroner for publikums oppførsel under kampen mot Belgia, som Kroatia tapte 2–1.

– Vi er i ferd med å gå gjennom dei offisielle kamprapportane frå våre inspektørar og annan informasjon vi får inn, seier FIFA i ei melding.

Om Simunic blir dømd, kan han bli suspendert frå ein eller fleire kampar i VM i Brasil til sommaren.

Fotballnyheter