– Det er ikkje ein målsjanse ein gong. Han gjer alt sjølv, eg har ikkje ord! Klasse, klassescoring!, sa ein fornøgd Rosenborg-trenar Per Joar Hansen til C More etter kampen.
For Nicki Bille Nielsen-scoringa var det klasse over. Aalesund hadde utlikna, og kampen stod på vippen.
Så viste Rosenborg sin karismatiske og storkjefta danske seg fram.
Bille Nielsen fekk ballen utanfor 16-meteren, finta éin mann, drog vekk nestemann, finta ut sistemann, før han fyrte av – med venstrebeinet. Ballen gjekk som eit prosjektil forbi ein utspelt Sten Grytebust, via stolpen og i mål.
Åtte minutt seinare var kampen ferdig, og Rosenborg har sett mykje press på gullmotstandar Strømsgodset. For Aalesund sin del blei tapet kanskje den siste spikaren i kista for gulldraumen.
– Ja, eg trur det er det vakraste målet eg har scora. Og kanskje det viktigaste. Det kan vere med å avgjere, for det kan bli ei veldig viktig scoring i tittelkampen, sa Bille Nielsen etter kampen.
– No er presset på Strømsgodset. Vi kan setje oss tilbake i sofaen og sjå på, gliste dansken.
Saka held fram under bildet.
Slett forsvarsspel til 1–0
Aalesund i sambahumør dei første 20 minutta, og langskot frå både Thomas Martinussen og Michael Barrantes var nær nettmaskene.
Så tok Rosenborg meir over, og etter 27 minutt kom 1–0.
Toppscorar i Eliteserien, Abderrazak Hamdallah, rota vekk ballen i angrep for Aalesund. Rosenborg kontra, og Jonas Svensson spelte danske Tobias Mikkelsen gjennom, som enkelt tuppa 1–0 forbi keeper Sten Grytebust.
– Defensivt er vi bra heile omgangen, utanom målet, kommenterte AaFK-kaptein Jonatan Tollås Nation til C More i pausen.
Både Jo Nymo Matland og Edvard Skagestad nølte nemleg då Mikkelsen blei spelt gjennom, og RBK-spelaren fekk legge 1-0-leiinga vel enkelt og upressa i mål.
- Les også:
- Les også:
Toppscoraren nær rett før pause
Det kladda litt for AaFK offensivt utover i omgangen, men heilt på tampen fekk dei oransje og blå ei god moglegheit til å utlikne.
Midtbanefavoritt Michael Barrantes trilla ballen perfekt gjennom til toppscorar Hamdallah. Frå litt skrått hald banka marokkanaren til, men Daniel Örlund var kjapt nede og avverja.
Utanom scoringslyst, kom Hamdallah i fokus for filming. Etter ni minutt skulle AaFK-spissen kanskje hatt straffe i duell med Christian Gamboa, men dommar Svein-Erik Edvartsen vinka spelet vidare.
To situasjonar seinare, der Hamdallah verkeleg gjekk lett i bakken, blei spissen servert eit gult kort–det fjerde på 20 kampar. I andre omgang fekk både Leke James og Jo Nymo Matland sitt tredje gule kort for AaFK. Dermed må laget frå Ålesund klare seg utan to sentrale menn lokaloppgjeret mot Molde 13. september.
– Vi har allereie folk ut, og Jo blir eg forbanna på. Han seier ikkje så mykje, seier han, og kanskje han meiner dommaren skal tole det, men han burde ikkje seie noko, sa AaFK-trenar Jan Jönsson om karantenane etter kampen.
Saka held fram under bildet.
Velplassert og velfortent utlikning
I andre omgang kom Aalesund ut i 100, medan Rosenborg blei pressa bakover.
Etter 56 minutt var James nære for bortelaget, før Barrantes var svært nære etter 66 minutt då han frå kloss hald berre blei hindra av keeper Örlund.
Men så, etter 74 minutt, kom 1–1. Eit frispark frå høgre blei svinga fint inn frå Matland, før Peter Orry Larsen fekk stå heilt åleine på 12 meter og heade inn utlikninga med eit perfekt nikk.
– Eg må rose Jo, først og fremst. Det er ikkje første gong han serverer. Eg veit kvar han slår, så det var berre å setje panna til, sa Orry Larsen om scoringa.
– Men når vi sit igjen med null poeng hjelp ikkje scoringa så mykje. Det var dårleg stemning i garderoben, og mange føler seg snytt, sa midtbanespelaren vidare.
For etter 85 minutt kom altså kremscoringa til Bille Nielsen, og i sluttminutta fann AaFK aldri nettmaskene til 2–2.
– Rooney startar ute han òg
Etter kampslutt marsjerte derimot dansken rett i garderoben.
– Han var sikkert irritert for at han ikkje fekk starte kampen. Men Wayne Rooney start ute han også nokre gonger. Heldigvis kjem han inn og viser topp, topp klasse, sa RBK-trenar «Perry» Hansen.
– Nokre gonger blir eg sur, og ein skal vere skuffa når ein ikkje får starte. Det var godt å svare med denne scoringa, slo Bille Nielsen fast.
Medan Rosenborg og trenar Hansen var strålande fornøgde med tre poeng på middels dag, noko som Hansen seier «kjenneteiknar vinnarar», var Aalesund skuffa.
– Vi var ikkje effektive nok, og så møter vi ein motstandar som var veldig effektive. Dei scorar kanskje på sine to einaste målsjansar, sa AaFK-trenar Jönsson.
– Eg er fornøgd med mykje i dag, men naturlegvis ikkje med poengfordelinga.