Etter ein jamn og spennande første omgang gjekk laga til pause med 0–0. I andre omgang fungerte taktikken til Solskjær perfekt.
Heerenveen måtte jage scoring, og Molde fekk store rom framover. Først kontra Jo Inge Berget inn 0-1, før Pape Pate Diouf laga 0–2 etter ein forsvarsblunder frå nederlendarane.
Arsenio Valpoort reduserte til 1–2 for Heerenveen på overtid, men til inga nytte.
Nederlendarane sleit med Gatt
Kampen i Nederland starta med eit brak.
Etter 60 sekund enda eit Molde-frispark på pannebrasken til svært så formsterke Vegard Forren. Molde-midtstopparen heada ballen i mål, men fekk frispark mot seg for armbruk.
Etter annulleringa tok derimot heimelaget Heerenveen gradvis over. I det 13. minutt fekk nederlendarane ei enorm moglegheit.
Filip Djuricic var først på eit godt innlegg frå venstre, men frå éin meters hald skaut spissen midt på Espen Bugge Pettersen.
Etter eit visst press frå heimelaget kom Molde betre med igjen.
Lynving Joshua Gatt gav Heerenveen store problem. Etter 28 minutt var han først på ein retur etter eit Magnus Wolff Eikrem-frispark, før han i det 33. minutt skaut like utanfor åleine med keeper. Laga gjekk derimot til pause mållause.
Saka held fram under bildet.
Kontringsshow
Heerenveen måtte angripe etter pause, noko som gav Molde store rom. Akkurat som planlagt, og det tok ikkje lang tid før det stod 0–1 på Abe Lenstra Stadion i Heerenveen.
Molde kontra, og Jo Inge Berget fekk ballen på venstresida. Molde-angripen skar inn i banen, gjekk rett mot den svenske keeperen Kristoffer Norfeldt, og banka inn 0–1 etter 53 minutt.
I det 58. minutt burde Joshua Gatt laga 0–2 åleine med Norfeldt, men svenske redda denne gongen. Også Daniel Chima burde dobla leiinga for Molde, men enda ein gong var Heerenveen-keeperen på plass.
Utnytta tabbe
Heerenveen verka resignerte allereie når det stod 0–3 samanlagt. Det skulle bli verre.
I det 73. minutt var det Pape Pate Diouf som fekk sette inn 0–2 i Nederland. Svenske Nordfeldt kom ut på ein lang ball, men missa. Diouf snappa opp ballen, før han ekspederte til 0–2 i eit tomt heimebur.
Molde kunne laga 0–3 òg, men i staden fekk heimelaget eit trøstemål på overtid. Espen Bugge Pettersen gav retur på eit skot, der Arsenio Valpoort var på plass og pirka inn 1–2.
Likevel: Molde er klare for gruppespelet i Europaligaen.