NRK Meny
Normal

Bentekes første gav tre poeng

Christian Benteke scora sitt første mål for Liverpool, og Bournemouth vart slått 1-0. Men det burde aldri vore godkjent.

Christian Benteke scorer
Foto: Clint Hughes / Ap

Laster innhold, vennligst vent..

Tv-reprisane viste at Philippe Coutinho stod i offsideposisjon. Og ettersom han strekte seg etter ballen, skulle målet vore annullert etter dei nye offsidetolkningane.

Men det vart godkjent, og Liverpool har opna Premier League med to 1-0-sigrar. Kanskje ikkje overtydande, men laget er eitt av fire med full pott på dei to første kampane.

Men ballen passerte Coutinho og gjekk til Benteke som med knottane nærmast pressa ballen i mål, og 1-0.

Då hadde allereie Bournemouth sett ballen i mål. Men Tommy Elphick var litt for hardhendt mot Dejan Lovren då han heada inn, og målet vart annullert.

Bournemouth opna friskt, men vart overkøyrd av Liverpool mot slutten av første omgang. Etter pause fall Liverpool noko av då kaptein Jordan Henderson måtte ut, og Bournemouth hadde fleire sjansar til utlikning. Matt Ritchie trefte stolpen.

På overtid kunne Benteke punktert kampen, men skotet frå seks-sju meter gjekk i tverrliggaren.

Liverpool er eitt av fire lag med seks poeng på to kampar. Bournemouth har opna med to tap, og har heller ikkje scora.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.