Drygt to veker etter at Liverpools Luis Suárez fekk åtte kampars straff for rasistiske utsagn mot Manchester Uniteds Patrice Evra, er lagkameraten Craig Bellamy i fokus for knallharde verbale angrep.
- LES OGSÅ:
I eit videoklipp frå Preamier League-møtet med Newcastle 30. desember kan ein sjå den walisiske spissen komme med krasse utsagn mot motstandar Tim Krul.
Kva som blei sagt kjem godt fram i det åtte sekund lange klippet som no florerer på Youtube og Twitter.
– Hald kjeft di nederlandske f***, er tydeleg å lese på Bellamys lepper.
Raudt kort
Dommarsjef i Norges Fotballforbund, Rune Pedersen, blir ikkje overraska om Bellamy blir straffa etter at episoden no er kjend.
– Viss ein dommar hadde høyrt utsegna som eg har fått gjenfortald frå situasjonen, ville dette resultert i raudt kort og grunnlag for straffeforfølging. Dette er heller ikkje ord som bør seiast på ein fotballbane, seier han.
– Rasisme hakket meir alvorleg
Pedersen meiner det er vanskeleg å rangere utsegn etter alvorlegheitsgrad, men påpeiker at det rasistiske angrepet Suarez no er dømd for er hakket verre.
– Kampen mot rasisme har ei høgare fane, men det er jo ein noko likskap mellom Suarez og Bellamys utsegn. Kraftuttrykk som går på sex eller legning skal ein også vere særs merksame på, seier dommarsjefen som mellom anna nemner Wayne Rooneys utestenging for banning i møtet med West Ham i fjor.
Liverpool har enno ikkje uttalt seg om Bellamy-klippet.