NRK Meny
Normal

Aalesund kvitt bortespøkelset etter 441 (!) dagar

Etterlengta bortetriumf etter målkalas for tangotrøyene. No spøker det verkeleg for slaktofferet: Eit nedrykkstrua Fredrikstad.

Aalesund

BARE SORGEN: FFK-spelar Hatiam Aleesani (på bakken) har nok like vondt av klubbens situasjon som han hadde etter denne duellen. Laget frå plankebyen må verkeleg snu trenden om dei skal overleve i eliteserien.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Vidar Martinsen

LANGT NEDE: Vidar Martinsen fortvilar i det laget går mot eit nytt tap.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix
Rekdal

Endeleg kom bortetriumfen for Kjetil Rekdal.

Foto: Andersen, Aleksander / NTB scanpix

– Eg er litt i kjellaren akkurat no, seier FFK-trenar Trond Amundsen, før han legg til:

– Vi må riste av oss dette skuffande tapet og spele dei siste 10 kampane. Vi må heve vår eigen prestasjon og forhåpentlegvis få inn nokon spelarar før overgangsvinduet stenger (fredag).

Trenaren har grunn til å verer stressa. Fredrikstad liknar meir og meir ei synkande skute med kurs mot førstedivisjon.

Dei kvitkledde vann riktig nok sin siste heimekamp før møtet med Aalesund, men måndag kveld var det tilbake til normalen.

Klarte ikkje å slå tidenes verste bortelag i norsk toppfotball

Til og med Kjetil Rekdals fekk fritt spelerom i plankebyen, og varta opp med tre perlescoringar i eit elles traust oppgjør.

Før møtet med FFK hadde dei ikkje vunne på 19 (!) bortekampar.

Det er den verste rekka av samanhengande bortekampar utan triumf i norsk toppfotballs historie.

Etter eitt år, to månader og 14 dagar, eller 441 dagar, makta dei å bryte den elendige rekka.

Det gjekk ut over Fredrikstad, som no har fire poeng opp til Sogndal på kvalifiseringsplass i eliteserien.

– Eg tenker ikkje så mykje på kor vi vinn, men kor mange poeng vi tar. Men det er sjølvsagt greit å få litt ro rundt dette bortekomplekset, seier Aalesund-trenar Kjetil Rekdal.

Slik kom scoringane

  • 0-1 - 4. minutt: Aalesunds Tremaine Stewart plukkar opp ballen ute på venstresida, tar med seg ballen til kanten på 16-meteren og klistrar ballen opp i lengste kryss.
  • 0-2 - 40. minutt: Stewart gjør det igjen. Han får gå heilt upressa fram til ca. 20 meter, og set ballen i mål nede ved den venstre stolpen. Svakt forsvarsspel av FFK.
  • 0-3 - 56. minutt: Nok eit nydelig langskot. Michael Barrantes siktar frå 20 meter og hamrar ballen opp i krysset bak ein sjanselaus keeper Jon Masalin.
  • 1-3 - 77. minutt: Mouhamed Gueye lurer offsidefella, og er kald aleine med keeper Steen Grytebust. Set ballen enkelt i mål.

– Eg synst dei (Fredrikstad) prøver heile tida, men har marginar mot seg med at vi set to scoringar i krysset då dei er på veg inn i kampen, seier Rekdal trøstande etter målkalaset.

Vondt kan bli verre dei neste rundane

Tremaine Stewart

KAMPENS GIGANT: Tremaine Stewart hamra inn to perlemål mot Fredrikstad.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Mykje av Fredrikstads vidare eksistens i eliteserien blir avgjort i dei tre neste rundane.

Først ventar ein meget vanskeleg bortekamp mot Lillestrøm i neste rund, før raudbuksene møter dei andre botnlaga Sogndal og Stabæk etter landskamppausen.

Med mager utteljing i desse kampane blir det fort ein lang og trist haust for Fredrikstad.

Aalesund ligg trygt plassert midt på tabellen.

Kjetil Rekdals mannskap har overkemmelege Hønefoss heime i neste runde før dei møter Strømsgodset og Lillestrøm.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.