Spelarane på laget bur i telt og containerar i ein flyktningleir i byen San Fernandino i Calabria-regionen sør i Italia – eitt av dei fattigaste områda i landet. Alle er flyktningar som har kome over Middelhavet i håp om eit betre liv i Europa.
Laget heiter Koa Bosco og vart skipa av den katolske presten Don Roberto Meduri i 2013. Klubben var stifta med tanke på å integrere flyktningane i eit nærmiljø prega av sterk motstand og fiendtlege haldningar mot dei mange flyktningane som kjem over havet.
Klubben er driven og trena av lokale italienarar, og har spela i Terza Categoria, niande og lågaste nivået i den italienske seriepyramiden.
– Ein tøff kvardag
– Dei har teke ein stor siger, men dei har framleis ein tøff kvardag, seier klubbdirektør Domenico Bagal til
.Til dagleg har spelarane strøjobbar i sitruslundar og gardsbruk i nærområdet. Og lokale innbyggjarar har sponsa spelarane med ullteppe og varme klede
– Det er ikkje lett å administrere eit slikt prosjekt, for problema er mange. Vi takkar alle som har gitt oss ein hand, og det viktigaste er smilet til spelarane som gir tilbake med offer og engasjement, seier Bagal.
Laget har vekt stor interesse. Juventus-direktør og tidlegare toppspelar Pavel Nedved har aktivt støtta klubben, og inviterte laget på besøk.
Men vegen fram mot opprykket har ikkje vore berre fryd og gaman. I ein kamp i mars vart spelarane angripne med steinar og rasistiske tilrop. Spelarar barka saman på tørre nevane, og kampen måtte avbrytast. Begge klubbane vart straffa.
– Vårt problem er dommarane. Alle avgjerder går mot oss, sa Ali Trauri, ein av spelarane.
Men det er gløymt no når opprykket er klart.
– Eventyr skjer framleis i fotballen, seier trenar Domenico Mammoliti.