NRK Meny
Normal

Jonas Olsson: – Dette var ikkje ei keepertabbe

(SOGNDAL-LILLESTRØM 1-2) Erik Dahlin fekk mykje av skulda for at Lillestrøm tok tre poeng på Fosshaugane, men trenar Jonas Olsson tilbakeviser at målvakta tabba seg ut.

Sogndal - Lillestrøm hausten 2013

TABBE: Dette målet vart sett på som ei stor tabbe av målvakt Erik Dahlin i Sogndalsburet, men trenar Jonas Olsson er ikkje samd i det.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Lillestrøm-spelar Johan Andersson sette målet 1-2-målet rett på Sogndal-målvakt Erik Dahlin, men likevel gjekk det i nettet.

Sogndal-trenar Jonas Olsson meiner likevel ikkje at Dahlin tabba seg ut.

– Det var ingen keepertabbe. Om ein ser det bak ifrå er det eit hardt skot, og det er 15–20 spelarar mellom Erik og ballen. Han ser ballen veldig seint, så for meg er det bra at han er på den, og så er kjedeleg at den går inn i mål. Så for meg er ikkje det ei tabbe, seier Olsson.

– Kunne fort blitt uavgjort

Malick Mane

FEIRA: Malick Mane feira utlikninga med å heidre dottera Laura.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Dei tre måla i kampen kom alle i løpet av under ti minutt i første omgang. I andre omgang var Sogndal det klart beste laget, og Olsson trur det fort kunne blitt uavgjort.

– Hadde vi hatt litt meir effektivitet på slutten, med alle dei sjansane, hadde vi fått med oss eit poeng, seier trenaren.

Ein av dei som drog Sogndalslaget opp i andre omgang var Gilbert Koomson. Han kom inn på bana i andre omgang for Magnus Stamnestrø. Sjølv var Koomson nøgd med kampen og sin eigen innsats.

– I dagens kamp gjorde vi det bra frå andre omgang. Det var ikkje lett, for det var mykje press, men eg synest det var ein god kamp av meg, seier ghanesaren.

Koomson: – Klar for å starte

Han håpar no at han skal få spele frå start i neste kamp.

– Eg har ikkje vore i form, men eg er betre no og er klar til å starte og gi hundre prosent.

Olsson på si side seier det ikkje er sikkert at Koomson hadde spelt like bra om han hadde spelt frå start.

– Gilbert har slite litt med fysikken, så hadde han starta hadde han definitivt ikkje orka heile kampen. Det er bra å slenge han inn når andre er litt trøytte, så ein har litt å gå på. Det er ikkje sikkert at han hadde gjort like bra prestasjonar om han hadde starta, seier han.

(Saka held fram under biletet)

Sogndal - Lillestrøm haust 2013

KJEMPA: Azar Karadas og Bjørn Inge Utvik (bak) kjempa til siste slutt saman med resten av Sogndalslaget.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Tidenes yngste midstopparduo

Med Hannu Patronen og Ruben Holsæther i karantene opna moglegheita for fleire. Magnus Stamnestrø og Gilbert Koomson fekk spele for Holsæther, men den mest oppsiktsvekkjande endringa var kanskje 17-årige Bjørn Inge Utvik som starta for Patronen.

Utvik debuterte dermed som midtstoppar for Sogndal, ei oppgåve han delte med Gustav Valsvik (20). Saman utgjorde dei tidenes yngste midtstopparduo for Sogndal.

– Det er sjølvsagt kjekt. Han er ein god spelar, så eg har mykje å lære av han framover, seier Utvik.

Vil halde fram som midtstoppar

Utvik signerte kontrakt med Sogndal i vår, og forlet då FK Haugesund. Han har tidlegare debutert som høgrebekk for Sogndal, men ikkje som midtstoppar, før i dag. Det var ein skuffa 17-åringen som kom av bana etter kampen.

– Det er aldri kjekt å tape ein fotballkamp. Vi jobbar for å vinne kampar. No må vi berre sjå framover og ta med det positive frå denne kampen og få ei bra treningsveke fram mot neste kamp, så trur eg vi skal ta tre poeng.

No håpar han at det blir meir speletid i midtstoppar-posisjon framover.

– Det er det som er posisjonen min, og det er der eg føler eg er best. Eg håpar eg får sjansen, men eg tek dei sjansane eg får så får eg spele der eg spelar.

Sogndal ligg no på 9. plass på tabellen og manglar framleis tre poeng for å vere sikra plassen i Tippeligaen. Framleis slit dei på heimebane, for på heimetabellen ligg dei på 12. plass medan dei på bortetabellen er heilt oppe på 3. plass.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.