Heretter skal det ikkje vere lov å ha fleire enn fem innlånte spelarar med i 18-mannstroppen til kvar kamp. Og det blir ikkje lov å låne meir enn fire spelarar frå same klubb gjennom heile sesongen.
– Dette vedtaket vart gjort samrøystes, seier ein talsmann for ligaen til avisa
.Dei 72 ligaklubbane har i dag sitt årsmøte - i Portugal.
Watfords lånepolitikk i førre sesong skapte irritasjon blant andre ligaklubbar. Eit utval har jobba med problemet ei stund, og kom fram til forslaget som årsmøtet har vedteke.
"Latterleg"
Crystal Palace-manager Ian Holloway kalla låne-praksisen "latterleg" i samband med møtet med Watford i februar. Watford starta med sju av dei innlånte spelarane i den kampen.
10 av dei 14 spelarane Watford har lånt, kom frå den italienske klubben Udinese. Den italienske Pozzo-familien eig begge klubbane. Familien har eigarinteresser også i spanske Granada, som Watford også lånte fleire spelarar av sist sesong.
Det heldt på å gi den store milliardgevinsten. Watford vart nummer tre i Championship, berre ei hårsbreidd frå å rykke direkte opp i Premier League.
.Ian Holloway fekk dermed le sist og best...