Måndag ettermiddag var Nevstad på plass i Sveits for å få med seg trekkinga av andre kvalifiseringsrunde i Europaligaen. For fyrste gong er Hødd med i europacup.
– At me er ein del av dette selskapet skal me vere stolte av, så skal me gle oss veldig til å kome oss i kamp mot desse laga, seier Nevstad til NRK.
Fyrste kampen for Hødd går heime på Høddvoll 18. juli. Deretter blir det tur austover for i Europa for laget frå Ulsteinvik.
- LES OGSÅ:
– Det blir spennande å sjå korleis me kan ta denne utfordringa, både sportsleg og på andre område. Men me er veldig motiverte, fortel Nevstad.
– Handlar om å vinne
Europacupdebuten til den overraskande cupvinnaren blir eit nytt kapittel i historia. Det at klubben får spele sin kamp heime på Høddvoll har ikkje vore ei sjølvfølgje. Derimot har det vore ein lang prosess for klubben å få UEFA si godkjenning for nettopp det.
- LES OGSÅ:
– Når me er med i konkurransen handlar det om å vinne. Også i denne turneringa ønskjer me å gjere det best mogleg, seier han.
Nevstad visste ikkje mykje om dei to laga Hødd skal møte før dagens trekking. Etterpå har han fått ut ein del informasjon om dei to, og seier han har oppfatta det kasakhstanske laget som ein favoritt.
Trur på Aktobe
Aktobe har tidlegare gjort det bra i både Europaligaen, og vore med i meisterligaen, så om det blir motstandaren for Hødd kan det bli tøft, vedgår Nevstad.
– Slik eg har forstått, leiar dei serien ganske suverent i Kasakhstan. Dei har sleppt inn berre sju mål på 16 kampar, og er nok favoritt til å ta seg vidare i kampen mot oss, seier han.
Likevel er han optimist før klubben skal ut på eit nytt eventyr.
– Hadde me klart å ta oss til neste runde ville det vere ein kjempeprestasjon av oss. Det må vere målet, seier han til NRK.