NRK Meny
Normal

Denne bananen koster Atalanta 40.000 euro

Atalanta er bøtlagt med 40.000 euro (drygt 320.000 kroner) etter at tilskodarar kasta bananer mot den farga Milan-spelaren Kevin Constant søndag.

Banan

Kevin Constant viser fram ein banan som vart kasta frå tribunen på kampen i Bergamo

Foto: OLIVIER MORIN / Afp

Det er det italienske fotballforbundet (FIGC) som har gitt klubben denne bota, etter at FIFA-president Sepp Blatter bad om rask reaksjon.

Hendinga skjedde i midten av andre omgang i Serie A-kampen mellom Milan og Atalanta søndag.

Tilskodarar blant heimefansen ropte også gjentekne gonger rasistiske tilrop mot den farga Milan-forsvarsspelaren.

FIGC stadfesta også at ein seksjon på tribuna blir stengd i Atalantas første heimekamp neste sesong. Men denne straffa kan bli utsett.

Atalantas president Antonio Percassi har snakka med Milan og bedt om orsaking på vegne av klubben.

Det er berre to veker sidan Villarreal-fansen kasta bananer mot Barcelona-spelaren Dani Alves. Alves svara med å skrelle ein banan og ete han før han heldt fram med spelet. Dette utløyste ei stor internasjonale sympatibølgje med Barca-spelaren .

Blatter krev at sanksjonane blir brukt

Sepp Blatter var raskt ute med ei twittermelding etter Atalanta-episoden søndag: «Rasisme og kampar som blir stoppa eller avbrotne på grunn av rasisme. Alle forbund må reagere. Sanksjonane finst og skal brukast», seier Blatter i meldinga.

Laster Twitter-innhold

Milans trenar Clarence Seedorf tok etter kampen søndag til orde for at banan-kastarane måtte bli utestengde på livstid. Atalanta seier at dei er i ferd med å identifisere dei som kasta bananane.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.