Det tok berre sju minutt før Arsenal leia 2-0 heime i London, og ytterlegare 12 før dei hadde 3-0. Då var i grunnen kampen over.
– Vi var sterke i dag, men det må vi vere heime mot andre topplag om vi skal henge med i toppen, sa Theo Walcott i intervjuet etter kampslutt.
– Men dei første 25 minutta i dag var eventyrlege. Det er noko av den beste fotballen eg har vore med på, la han til.
Håpar landslagsspelarane slepp skader
Manager Arsene Wenger var glad for spelet og resultatet. Men han tok ikkje av.
– Vi slo Leicester 5-2 førre helg, og er inne i ein fin rytme. Men vi må berre jhalde fram med å halde fram med å førebu oss på rette måten. Neste gong skal vi til Watford. La oss håpe at alle spelarane våre kjem skadefrie tilbake frå landskampane i mellomtida, sa Wenger.
United-manager Louis van Gaal var langt mindre nøgd med dagen.
– Når vi startar slik, kan vi ikkje vinne kampar. Vi tapte absolutt alle duellar og andreballar til det stod 2-0, sa van Gaal.
Heimelaget – som tapte heime for Olympiakos i meisterligaen for berre fire dagar sidan – gjekk rett i strupen på United, serieleiar før denne runden. Alexis Sanchez ekspederte eit innlegg frå Mezut Özil elegant i nettet, og sekund seinare var det Özil som fekk avslutte med eit iskaldt skot som gav 2-0.
United var sjokkerte, Arsenal, heldt fram med dominansen, og så var Sanchez på rett plass til rett tid, lurte av eit par United-spelarar og sette ballen i krysset med eit praktfullt skot.
Transportetappe
Då var poenga delte ut. Ramsey burde sett inn nummer fire, men slurva i avslutninga.
Arsenal var nøgd, sette ned farten og let United kome inn i kampen igjen. Andre omgang blei nesten ein transportetappe. Begge laga hadde sjansar, og ved eit par høve kunne United gitt det heile nytt liv. Men alt i alt kontrollerte heimelaget.
På overtid lobba Alex Oxlade-Chamberlain ballen i tverrliggaren. Men det gjorde ingenting. Dette var Arsenals kveld.
3-0 betyr at Arsenal er forbi United på tabellen. Begge er to poeng bak Manchester City. Og Arsenal tok sin største siger over Manchester United på 17 år.