NRK Meny
Normal

Hæla i taket og tenna i capsen

Den førre europacupfinalen som var spela i Lisboa var kanskje den mest ekstatiske av dei alle. Både på og utanfor bana.

Celtic 1967

Det var ekstrem angrepsfotball mot ekstrem forsvarsfotball. Det var kjøpelag mot «local lads». Og det var det gode som vann over det vonde.

Vi snakkar om sist finalen i den gjevaste europacupen vart spela i Lisboa, der Madrid-klubbene Atletico og Real møtast i årets meisterligafinale laurdag kveld. Norge spiller i historisk heksegryte var arena for finalekampen i den gamle europacupen for serievinnarar i 1967. Celtics grøne angrepsbølgjer knuste Inters til då ugjennomtrengelege forsvarsmur.

Og tusenvis på tusenvis av skottar brukte det dei fann av framkomstmiddel for å kome seg nedover.

Det skulle bli den kanskje meste elleville europacupfinalen nokonsinne. Celtic - Inter 1967

«The Lisbon Lions»

Celtic 67

Skotske Celtic sjokkerte Inter og heile fotball-Europa, og vann 2-1 – den første britiske triumfen nokonsinne i denne turneringa. Laget fekk kallenamnet Lisbon Lions etter kampen, og i år 2000 fekk ein tribuneseksjon på Celtic Park dette namnet til minne om heltane frå Lisboa – det beste Celtic-laget nokonsinne.

Eit par år tidlegare hadde det britiske fotballmagasinet «Total Football» kåra «Lisbon Lions til tidenes beste britiske klubblag».

– Då sesongen tok til, var det ingen som tenkte serleg mykje over europacupen. Vi var med, men vi tok det som ein bonus vi skulle nyte så lenge det varte, sa Bobby Lennox, Celtics 23 år gamle venstreving.

– Førsterundekampen i Zürich tok vi nærmast som ei utflukt. Ingen av oss hadde vore der før, la han til.

Les også: Chris Hunt | The Lisbon Lions

Førsterundekampen i Zürich tok vi nærmast som ei utflukt. Ingen av oss hadde vore der før

Bobby Lennox, Celtic-spelar

Inter var storlaget, med finalesigrar i europacupen1964 og 1965. Før finalen i 1967 hadde dei berre tapt ein europacupkamp på fire sesongar, og det var mot sjølvaste Real Madrid året før. Nesten ingen tenkte seg at tap nummer to skulle kome mot ein flokk heimeavla og tannlause skottar, som for sikkerheits skuld hadde draktnummeret på buksa i staden for på trøya.

Celtic var outsideren heilt utan europeiske triumfar, men med ein glupande appetitt på scoringar heime i den skotske ligaen. Og med menn som hadde hjartet i klubben sin.

Og det var to fullstendig motsette stilarter som møttest.

Herreras catenaccio

Italiensk fotball generelt, og Inter spesielt, dyrka forsvarsspelet til det ekstreme. Med ein mann bak firebackslinja i ein nesten fullkome inndrilla 5-3-2-formasjon gjorde han det nesten umogeleg å trenge gjennom. Men han hadde også spelarar som kunne det der med raske kontringar.

Inters trenar Helenio Herrera utvikla denne taktikken – som fekk namnet catenaccio – nesten til det fullkomne, og Inter var Europas leiande lag midt på 60-talet. Han fekk tilnamnet «Il Mago» – magikaren.

I 1967 hadde dei på eitt tidspunkt sjanse til tre triumfar. Men dei tapte Serie A på målstreken, og dei vart slått i semifinalen i cupen. Europacupen var siste sjanse til pokal denne sesongen.

Steins utrulege angrepsfotball

Estadio da Luz
Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Mot Milanos blå lag skulle grønstripete Celtic prøve seg. Manager Jock Stein dyrka angrepsfotballen like grundig som Herrera dyrka det defensive. Han hadde løfta Celtic til dei store høgdene heime i Skottland, der klubben var inne i ei rekke som mange år seinare skulle slutte på ni strake ligameisterskap.

Dei hadde nettopp vunne ligaen med 111 mål på 34 kampar. Året før hadde dei stoppa på 106. Men det var heime – kunne slik naiv angrepsfotball halde mot dei beste i Europa?

Toppscorar Joe McBride var dessutan skadd og måtte stå over kampen. I ligaen hadde han scora 18 mål på dei 14 kampane han spela den sesongen.

11 «local lads»

Cupfinaler blir ikkje vunne av enkeltspelarar. Dei blir vunne av menn i eit lag, menn som set klubben framfor personleg prestisje. Eg er heldig – eg har spelarar som gjer akkurat det for Celtic

Jock Stein, Celtic-manager

Og ein ting til med Celtic: Laget besto berre av lokale spelarar. Alle var oppfostra i klubben eller kom frå lokale klubbar i grannelaget. Alle var fødde og oppvaksne innanfor 50 kilometer frå Celtics bane Parkhead i Glasgow.

Berre ein av dei var innkjøpt – Willie Wallace var henta inn frå Hearts for å erstatte Joe McBride.

– Cupfinaler er ikkje vunne av enkeltspelarar. Dei er vunne av menn i eit lag, menn som set klubben framfor personleg prestisje. Eg er heldig – eg har spelarar som gjer akkurat det for Celtic, sa manager Stein.

Det gjaldt også keeper Ronnie Simpson. Han nærma seg 37 år, men hadde berre spela tre år i klubben. Nokre månader tidlegare hadde han debutert på landslaget som den eldste debutanten nokonsinne i Skottland – 36 år og 196 dagar.

Skotsk folkevandring til Lisboa

Men sjølv om Celtic ikkje var favoritt, var forventningane enorme heime i Skottland. Nærmare 15.000 skottar reiste nedover til Lisboa.

– Eg er sikker på at for dei aller fleste som tok flyet nedover, var det første gongen dei sat i eit fly, sa 29 år gamle Bernie Boyle, fanatisk Celtic-supporter.

Dei som ikkje fekk plass på flyet, la i veg i bilar og bussar av vekslande kvalitet i reiser som tok fleire dagar sørover mot den portugisiske hovudstaden.

– Nokre av doningane dei køyrande la i veg med, skulle du ikkje tru kom seg ut av Glasgow, og slett ikkje til Lisboa, sa Jackie Connor.

Så stor var stemninga i Glasgow at til og med protestantiske Rangers-supporterar ønskte Celtic lykke til.

– Fansen og spelarane stod kvarandre mykje nærmare då enn no, seier Jackie Connor. Han var bookmaker og ein nær ven av Celtics manager.

– Alle kjende Bertie Auld, Tommy «Tam» Gemmell og vesle spinkle Jimmy Johnstone, legg Connor til. Han var sjølvsagt på plass i Lisboa denne dagen.

Selde huset og øydela ekteskapet – «men det var det verdt»

Ei veke før kampen fann eg løysinga: Eg selde huset. Ekteskapet halta litt, og eg forklarte kona at eg skulle flytte heim til mor som ein «prøveseparasjon».

Ernie Wilson, arbeidslaus Celtic-supporter

For super-supporter og arbeidslause Ernie Wilson endra livet seg med denne kampen. Han visste ikkje si arme råd for å kome seg til Lisboa.

– Ei veke før kampen fann eg løysinga: Eg selde huset. Ekteskapet halta litt, og eg forklarte kona at eg skulle flytte heim til mor som ein «prøveseparasjon». Eg satsa på at borna våre skulle halde oss saman etterpå. Eg klarte å få forskot på hus-salet og fekk med meg eventyret i Lisboa, sortalde Wilson.

Men då han kom heim att, gjekk det ikkje heilt etter planen.

– Eg måtte gjennomføre hus-salet, og derfor fortelje sanninga. Eg fekk ingen forståing for det eg hadde gjort, og kona og ungane forsvann. Opplevinga i Lisboa var likevel verdt det. Familien min ser det nok ikkje heilt på same måte, men eg måtte berre få det med meg, sa Wilson.

Skottane fekk også støtte av dei fleste frå Portugal blant dei 45.000 på tribunene.

– Herrera prøvde å få portugisarane på si side. Men dei fleste støtta oss som «underdogs». Det gjorde godt for oss, vi hadde massiv støtte både før og under kampen, sa Bobby Lennox.

Heile laget på katolsk messe

Jock Stein
Foto: Jock Stein / Anefo

Jock Stein leverte ein annan genistrek om morgonen kampdagen: Han tok spelarane med på ei katolsk messe. Det store fleirtalet av Celtics tilreisande tilhengarar var katolikkar, det same var portugisarane. Kapellet var pakka med folk.

– Portugisarane fekk sjå at vi skottar ikkje berre kunne synge og danse på torg og i gater. Vi gjekk til messe også, sa Bernie Boyle, ein 29 år gammal hardcore Celtic-fan. Det hjelpte på den allereie sterke støtta Celtic hadde frå i utgangspunktet nøytrale portugisarar.

Celtic-manager Jock Stein kunne meir enn sin offensive taktikk ute på bana. Han var offensiv utanfor også, og tok Inter på senga då han annonserte laguttaket sitt to dagar før kampen.

– Her skal eg fortelje han (Helenio Herrera, journ. anm.) korleis Celtic skal bli det første laget som hentar europacupen til Storbritannia. Men det vil ikkje hjelpe han på nokon måte å vite det. Vi skal angripe som vi aldri har angripe før, sa Stein då han gjorde laget kjent.

– Dette gjorde han for å vise Inter at vi ikkje var redde for dei, sa lagkaptein Billy McNeill.

Spel som om det ikkje er fleire kampar igjen, som om det ikkje finst nokon morgondag.

Jock Stein, Celtic-manager

Og det siste Jock Stein – truleg den einaste som heile tida trudde på Celtic-siger – sa før spelarane gjekk ut på bana:

– Spel som om det ikkje er fleire kampar igjen, som om det ikkje finst nokon morgondag.

Det var akkurat det som skjedde.

Scora og parkerte «bussen»

Kampen i Lisboa torsdag 25. mai 1967 begynte etter oppskrifta. Etter sju minutt fekk Inter straffe. Sandro Mazzola sende keeper Ronnie Simpson til det eine hjørnet og trilla ballen arrogant i mål i det andre.

Så trekte Inter seg i forsvar der dei heldt seg dei siste 83 minutta av kampen, slik dei var meistrar i.

– Då «visste alle» at det var slutt for oss. For Inter var Europas beste lag, og «alle visste» at når dei fekk ein slik start, kunne vi berre pakke bagen og reise heim. Men vi ville ha med oss eventyret uansett, sa Jackie Connor.

Men denne gongen skulle Inter falle for eige grep.

Celtics grøne bølgjer

Jim Craig og Tommy «Tam» Gemmell var like mykje i angrep som i forsvar, og stadig vekk var dei heilt oppe hos vingane våre. Jock hadde gitt dei fritt spelerom når vi var i angrep, og det forvirra motstandaren heile tida

Jackie Connor, bookmaker, ven av Jock Stein og Celtic-fan

Celtic fekk lov å gjere det dei kunne best: Å angripe. Bølgje etter bølgje rulla mot Intermuren. Jock Stein spela med backar som var meir offensive enn nokon hadde sett før.

– Jim Craig og Tommy «Tam» Gemmell var like mykje i angrep som i forsvar, og stadig vekk var dei heilt oppe hos vingane våre. Jock hadde gitt dei fritt spelerom når vi var i angrep, og det forvirra motstandaren heile tida, sa Jackie Connor.

Inter fekk aldri lov til å setje i gang kontringane sine. Men dei klarte til å begynne med å stenge Celtc ute. Stort sett måtte skottane avslutte med langskot, men det var farleg nok. Bertie Auld trefte tverrliggaren frå langt hald, og ein lang lobb frå Tommy Gemmel gjekk også i tverra.

Celtic kom til sjansar etterkvart, men Giuliano Sarti i Inters mål tok alt.

– Før kampen fekk vi vite at Sarti var eit svakt punkt. Men han var enormt god den kvelden, sa Celtics Bobby Lennox.

Muren sprakk

Etter pause heldt Inter fram med å ha ni og ti mann bak ballen. Men slitasjen i Inter-muren begynte å vise, Celtics konstante hamring gav sprekker.

18 minutt etter pause makta Celtic endeleg å få resultat.

Bobby Murdoch og Jim Craig jobba seg gjennom muren, og Tommy Gemmels knallharde avslutning frå 16-meteren mellom sju-åtte Inter-spelarar klarte ikkje Inters keeper Giuliano Sarti å halde. 1-1, og Estadio de Luz eksploderte i grønt og kvitt.

Angrepsvillige skottar kjende lukta av blod no, og pressa endå meir. Inter klarte ikkje å kome ut av eigen boks, og Celtics grøne bølgjer måtte gi resultat snart.

Avgjerda fall fem minutt før slutt. Bobby Murdoch la det han hadde av krut i skotet og fyrte av gjennom ein skog av slitne Inter-bein mot lengste stolpe.

– Det var ikkje flaks

Stevie Chalmers
Foto: Celticwiwki.com

Stevie Chalmers var der han skulle vere og styrte dommedagsskotet i mål bak Sarti. Angrepsfotballen hadde knust «bussen».

– Mange seier det var flaks, men det var det ikkje. Vi hadde trent på dette fleire gonger i veka, sa Chalmers.

På tribuna eksploderte ein kaskade av grønt og kvitt ein gong til – om mogeleg endå kraftigare enn nokre minutt tidlegare.

– Det var uverkeleg, og det var rein ekstase. Eg hadde så nær klemt kona i hel, sa Jackie Connor, nær ven av Jock Stein.

No måtte Inter på offensiven, men det gjorde dei ikkje. Dei fekk det rett og slett ikkje til.

Det finst ingen som er stoltare på Guds jord enn eg akkurat no.Ikkje først og fremst fordi vi vann, men på grunn av måten vi vann på,

Jock Stein, Celtic-manager

– Vi var overtydde om at no var det vi som måtte forsvare oss, at dei ville kaste alt framover. Men dei gjorde ingenting. Vi jaga dei også i resten av kampen, dei var mykje meir slitne enn vi, sa lagkaptein McNeill.

Scenene då den tyske dommaren Kurt Tschnenscher bles av kampen var ubeskrivelege. Hundrevis, kanskje tusenvis, av skottar strøymde ut på bana, og gjorde det umogeleg å dele ut pokalen der, slik planen var.

– Det finst ingen som er stoltare på Guds jord enn eg akkurat no.Ikkje først og fremst fordi vi vann, men på grunn av måten vi vann på, sa Stein.

Celtic vann cornerstatistikken 10-0, og skotstatistikken 42-5.

Gløymde tennene i capsen

Ronnie Simpson
Foto: celticwiki.com

And there's us midgets. Ah've got nae teeth, Bobby Lennox has'nae any either, and old Ronnie Simpson's got the full monty, nae teeth top and bottom. The Italians are starin' doon at us and we're grinnin' back up at 'em wi' our great, gumsy grins. We must have looked like something oot o' the circus."

Jimmy "Jinky" Johnstone, Celtic-spelar

Spelarane jubla også hemningslaust. Men før dei kunne kaste seg for fullt ut i jubelen med fansen, måtte fleire av dei likevel eit viktig ærend.

Dei sprang ein rask tur bort til målet der Ronny Simpson hadde stått i andre omgang. Dei hadde lagt tannprotesene og laustennene sine i Simpsons cap under kampen, og var raske til å hente dei for å sjå presentable ut i intervjua etter kampen.

Men Simpson sjølv gløymde det. Han sprang avgårde for å takke fansen som strøymde ut på matta.

Heldigvis var tennene der då han oppdaga forgløyminga og sprang tilbake og henta dei. Nesten rart at ingen hadde teke dei som ein souvenir, det vrimla av folk ute på bana.

Billy McNeill, Celtics kaptein

– Heldigvis var tennene der då han oppdaga forgløyminga og sprang tilbake og henta dei. Nesten rart at ingen hadde teke dei som ein souvenir, det vrimla av folk ute på bana, sa kaptein Billy McNeill.

Fekk medaljene i ein boks

McNeill sjølv måtte ut av stadion og gå rundt med politieskorte og inn på den andre sida for å motta pokalen på eit svært hastig samanspikra podium på tribunen. Ingen av dei andre spelarane fekk plass der oppe.

– På restauranten der vi feira sigeren seinare på kvelden, kom Billy inn med ein boks med alle vinnarmedaljane og delte dei ut ved bordet. Det må vere den minst glamorøse medaljeutdelinga i ein europacup nokonsinne, sa Bobby Lennox.

Media og så å seie alle kommentatorane var samstemte dagen etter: Dette var ein siger for fotballen. «Dette angrepsspelet er den eigentlege meininga med fotballen. Dette er det sanne fotballspelet», skreiv den portugisiske sportsavisa Mundo Desportivo. «Det var uunngåeleg at Herreras catenaccio måtte betale for mangelen på vilje til å spele underhaldande fotball», skreiv avisa.

– Vårt tap var ein siger for fotballen

Sjølv om vi tapte, må eg medgje at dette var ein siger for fotballen

Helenio Herrera, Inter-trenar

Det mest overraskande var at Helenio Herrera sjølv langt på veg delte den oppfatninga. – Sjølv om vi tapte, må eg medgje at dette var ein siger for fotballen, sa Inter-sjefen. – Vi tapte fortent, vi var slått av Celtics styrke, sa den tapande trenaren.

Inter-forsvarar Tarcisio Burgnich vedgjekk mange år etterpå at Celtics angrepsstyrke og vinnarvilje sjokkerte dei frå start av.

– Før det var gått 15 minutt visste vi at dette ikkje ville går vår veg. Det var eit mirakel at vi framleis leia ved pause. Til og med i garderoben i pausen såg vi på kvarandre og visste at vi var dømt til å tape.

– Etter at dei utlikna i andre omgang, sa kapteinen vår til keeper «Guillano (Sarti), det gjer ingenting. Dette kjem vi til å tape likevel». Eg trudde aldri eg skulle høyre min eigen kaptein seie noko slikt, men det fortel kor sjokkskadde vi var på det tidspunktet, sa Burgnich.

Celtics siger var også den første av eit nordeuropeisk lag. Dei 11 føregåande triumfane i den gjevaste europacupen hadde lag frå Spania, Italia og Portugal vunne.

Slutten for storlaget

Helenio Herrera
Foto: El Grafico

For Herrera og det store Inter-laget var tapet i Lisboa byrjinga på slutten. Heller ikkje året etter var det nokon pokal til Inter, og Herrera slutta i klubben.

Helenio Herrera var fødd i Argentina, men var spansk statsborgar. I 1960 vart han trenar i Inter, og satsa frå første dag på ein defensiv taktikk med raske overgangar. 5-3-2 hadde formasjonen hans heitt i dag.

Han likte ikkje den massive kritikken taktikken hans hausta.

– Visst har vi eit godt forsvar. Men vi har også gode spissar som scorar når sjansen byr seg, og sjansar skaper vi mange av i dei fleste kampar, sa han etter at han hadde trekt seg tilbake.

Spelar døydde i garderoben

Han heldt fram som trenar i Roma, der han vart sterkt kritisert etter at ein spelar døydde i garderoben. Giuliano Taccola fekk påvist høg hjartefrekvens og feber, men Herrera brukte han på laget i fleire kampar likevel. Han måtte stå over ein kamp på grunn av ankelskade, og då han var på besøk i garderoben etter neste kamp, fall han saman og døydde.

Mange år seinare kom det fram at Taccola hadde vore dopa med prestasjonsfremmande middel under kampane, og det gav ny næring til påstandar frå tidlegare om at Herrera hadde brukt slike dopingmiddel i stor utstrekning.

Men Herrera var samstunde ein pioner i å krevje disiplin av spelarane også i privatlivet. Han forbaud spelarane å røyke, han la sterke avgrensingar i alkoholbruk, og han kravde streng diett. Alt dette var ukjent for fotballspelarar på 60-talet.

Det blir fortalt at han til og med sende spionar for å sjekke at spelarane hadde gått til sengs i rett tid.

Fiendtleg stemning i Milano

Der var det fiendtleg stemning. Folk der mislikte oss for det vi hadde gjort mot Inter i Lisboa.

For Celtic og Jock Stein gjekk det betre. Celtic vann ligaen kvart år fram til 1974. Dei kom til europacupfinalen igjen i 1970, men tapte for Feyenoord.

I Lisboa var det store fleirtalet av portugisarar på Celtics side. Men då Celtic igjen nådde finalen tre år seinare, var det annleis. Den finalen gjekk i Milano.

– Der var det fiendtleg stemning. Folk der mislikte oss for det vi hadde gjort mot Inter i Lisboa, fortel Jack Marshall – svoren Celtic-supporter sidan 1930-talet.

Jock Stein er framleis rekna for den kanskje største manageren frå Skottland nokonsinne. Til og med skotske manager-legender som Bill Shankly og Sir Alex Ferguson har sagt det.

Døydde på sin post

Stein – som var den katolske klubbens første protestantiske manager – hadde jobben heilt til 1978. Deretter vart han manager i Leeds, ein jobb han berre hadde i 44 dagar, før han takka ja til tilbodet som skotsk landslagssjef.

Han debuterte med å slå Noreg 3-2 på Hampden Park, og leia Skottland til VM i 1982.

Jock Stein døydde på sin post. I september 1985 spela Skottland 1-1 i ein playoffkamp mot Wales og sikra playoff i VM-kvalifiseringa.

Mot slutten av kampen fekk Skottland straffe og scora målet som sende skottane til VM i Mexico året etter.

I det kampen vart blåsen av nokre minutt seinare, fekk Stein hjarteattak, og døydde i medisinrommet på stadion nokre minutt seinare. Han vart 62 år.

Assistenten overtok leiinga av landslaget dei neste månadene. Hans namn var Alex Ferguson.

PS: Ei veke etter Celtics triumf i Lisboa tapte Rangers finalen i cupvinnarcupen mot Bayern München. Det gjorde ikkje Celtic-gleda vesentleg mindre.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.