NRK Meny
Normal

Algerie sprudla mot Sør-Korea: – No tar vi Russland også

Etter 62 minutt sette Algerie afrikansk VM-rekord. Aldri før har eit afrikansk lag scora fire mål i ein VM-kamp. Algerie vann målfesten mot Sør-Korea med 4-2.

Algerie scorer sitt fjerde mål

Rekordmålet: Her scorar Yacine Brahimi Algeries fjerde mål mot Sør-Korea

Laster innhold, vennligst vent..

«Ørkenrevane» imponerte enormt før pause, og tok total kontroll over kampen med 3-0 ved pause. I andre omgang snudde spelet nesten totalt, men Sør-Korea klarte aldri heilt å ta inn att det tapte.

– Dette fortente vi. Alle dømde oss ut etter tapet mot Belgia, men no er vi med, og vi kan gå vidare, sa Islam Slimani. Han scora første målet for Algerie.

– Og no går vi for siger også mot Russland, seier han, vel vitande om at uavgjort er nok for Algerie.

– Vi er veldig glade, for det er veldig lenge siden vår førre siger i eit VM. I andre omgang tok vi det litt rolegare, men vi vann fortent, sa lagkaptein Madjid Bougherra.

Algerie har nemleg ikkje vunne meir enn to VM-kampar i historia - begge i 1982. Det er 32 år sidan.

Det var ein kamp mellom to av dei minst kjende og profilerte laga i VM. Det blei ein fotballfest med sjansar og mål i fleng.

Total maktdemonstrasjon

Vahid Halilhodzic

Suksess med bytte: Algeries landslagssjef Vahid Halilhodzic gjorde fem byte før kampen, og det betalte seg

Foto: Michael Sohn / Ap

Algerie fekk mykje ros for organiseringa og det disiplinerte forsvarsspelet i første kamp mot Belgia , trass i at det enda med tap. Mot Sør-Korea hadde dei gjort fem utskiftingar og fekk også det offensive til å sitte. Det gav full overkøyrsel over Sør-Korea.

Før pause, vel å merke. Då stod det 3–0 til Algerie, og i lange periodar fekk koreanarane nærmast ikkje låne ballen.

Den algeriske overkøyrselen før pause var total. Dei vann skotstatistikken 6-0, og vart i tillegg kanskje snytt for straffe i opningsminutta. Cornerstatistikken var 5–1 til dei kvitkledde frå Afrika.

Tolv avgjerande minutt

Algerie scorer

- Dette fortente vi. No går vi for siger også mot Russland, seier Islam Slimani, som her scorar kampens første mål

Foto: MARKO DJURICA / Reuters

Kampen vart avgjort i løpet av 12 minutt i første omgang. Dei minutta gav tre mål til Algerie.

Midt i første omgang fekk Islam Slimani ballen i bakrommet og vippa den elegant over den koreanske målvakta.

Då var Algerie i farta. Eitt minutt og 57 sekund etterpå stanga midtstoppar Rafik Halliche eit hjørnespark i nettet, og Algerie var på gid veg mot sin tredje siger nokosinne i eit VM – 32 år etter dei to første.

Og den nordafrikanske overkøyrselen heldt fram. Sju minutt før pause møtte Slimani ei svak halvklarering, la usjølvisk til Abdelmoumene Djabou som trilla ballen inn ved lengste stolpe.

«A game of two halves»

«Hårfønaren» i den koreanske garderoben må ha gløda i pausen. Det var eit koreansk lag med ei heilt ny innstilling som entra bana etter pause, og då var det dei som pressa motstandaren – og som nær hadde snudd det heile.

Koreas redusering like etter pause skapte ny spenning, og var ei perle av ein enkeltprestasjon av Heung-Min Son. Han var heldig som dempa ballen med ryggen, men deretter vende han to gonger, finta vekk ein forsvarar og sette ballen mellom beina på Algeries keeper Rais M'Bolhi.

Og koreanarane overtok spelet og var i ferd med å skape ny spenning i kampen då Algerie punkterte den. Stikk imot spelets gang sette Algerie i gang ei kontring av høg klasse, Yacine Brahimi avslutta med å sette ballen i mål. Dette var det kanskje vakraste angrepet i kampen.

Det er afrikanske rekord. Aldri før har eit lag frå Afrika scora fire mål i ein VM-kamp.

Korea heldt likevel fram med køyret, og det var framleis nesten 20 minutt att då Ja-Cheol Koo scora frå kort hald.

Koreanarane heldt trykket oppe og hadde sjansar til både redusering og utlikning.

Men med 4–2 til Algerie må Korea innsjå at sjansane til åttedelsfinale er små. Algerie må ha uavgjort mot Russland i siste kamp for å gå vidare.

Video: kampens høydepunkter:

Kommentator: Trond Johnsen.

Video: 1-0 til Algerie

1-0 til Algerie

Video: 2-0 til Algerie

2-0 til Algerie to minutt seinare

Video: 3-0 til Algerie

Algerie scorer sitt tredje mål

Video: Sør-Korea reduserer til 3-1

Sør-Korea scorer sitt første mål

Video: Siste koreanske redusering

Ny redusering: 4-2

Video: Her skulle kanskje Algerie hatt straffe - stillinga er 0-0

Skulle Algerie hatt straffe her?

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.